Jacques Cassini () var ein fransk astronom og landmålar som var son av den kjende italienske astronomen Giovanni Domenico Cassini.

Han etterfølgde i 1712 faren sin som leiar for det astronomiske observatoriet i Paris. I 1718 fullførte han arbeidde med å måla ein meridianboge gjennom Frankrike mellom Dunkerque og Perpignan, som var påbyrja av Jean Picard i 1669 . Arbeidet vart presentert i verket De la grandeur et de la figure de la terre (1720). Picard fann at meridianbogen var kortare i nord enn i sør, og trekte den konklusjonen at jorda var flattrykt ved ekvator. Dette var i strid med utrekningane fysikarar hadde gjort av forma til jorda, og utløyste ein langvarig strid mellom forskingsmiljø i Frankrike og England. Striden vart først lagt død fleire tiår seinare (i Cassinis disfavør) etter gjentekne måleseriar, mellom anna i Ecuador og svensk Lappland.

Blant Cassini sine astronomiske studiar kan nemnast Éléments d’astronomie (1740) og Tables astronomiques du soleil, de la lune, des planètes, des étoiles fixes et des moons de Jupiter et de Saturne (1740).

Asteroiden 24102 Jacquescassini er namnsett etter Jacques Cassini.

Kjelder

Kategori:Vitskapsfolk frå Paris Kategori:Franske astronomar Kategori:Astronomar på 1700-talet Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society