Carl Ben Eielson () var ein amerikansk flypioner, bushpilot og oppdagar.

Liv og virke Han vart fødd i Hatton i Nord-Dakota i ein norsk innvandrarfamilie. Under første verdskrigen vart Eielson utdanna til militærflygar, men kom ikkje til fronten i Europa før krigen var over. Etter slutten av krigen starta han saman med vener Hatton Aero Club og med eit utrangert krigsfly, ein Jenny, turnerte han Midtvesten med barnstorming-oppvisingar. Han byrja jusstudiar i Washington, D.C. i 1921, men dei vart snart avbrotne, og han byrja å jobba som lærar på ein ungdomsskule i Fairbanks i Alaska.

Flygar i Arktis og Antarktis I Alaska såg Eielson eit stort potensiale for luftfart, og vart ein pådrivar for og einaste flygaren i Farthest North Aviation Company, som vart skipa i 1922. I februar 1924 flaug han den første luftpostruta i Alaska, frå Fairbanks til MacGrath. Dette korta ned ein tur som hadde teke 21 dagar med hundespann til fire timar. I 1926 flaug han luftpost i Florida, og vart seinare same år engasjert av den australske polarforskaren Hubert Wilkins som pilot. Saman skulle dei fly frå Point Barrow i Alaska, til Spitsbergen. Føremålet var å sjå om det fanst land mellom Alaska og Nordpolen.

Dei gjorde to mislukka forsøk i 1926 og 1927, og i 1928 klarte dei det. 21. april 1928 landa dei ved radiostasjonen i Barentsburg etter det ufrivillige opphaldet på fire døgn på Daudmannsodden. I den antarktiske sommaren 1928–1929 var han med på kartlegging av land på Den antarktiske halvøya. Kvalkokeriet «Hektoria» vart brukt som base. I juni 1929 leidde han det nystarta Alaskan Airways i Fairbanks. venstre|mini|Heimen til Eieleson i Hatton

Heider og ettermæle Eielson omkom 9. november 1929, då hans Hamilton H-47 havarerte under ein redningsaksjon for eit skip som var fastfrose nord for Beringsundet. Staden der han og mekanikaren Earl Borland har fått namnet Kosa Dvukh Pilotov, 'Neset til to pilotar'.

I 1928 hadde Eielson fått Norsk Aero Klubbs hederstegn.Tiden flyr. Hundre år i luften. Norges Luftsportforbund 1909–2009 Han er òg heidra fleire stadar i USA, blant anna ber flybasen i Fairbanks namnet hans. I Endicott Mountains heiter ein fjelltopp «Mount Eielson». I 1958 fekk han namnet sitt i National Aviation Hall of Fame i Ohio, der alle amerikanske flypionerar er minna.

Eielson er gravlagt i heimbyen Hatton, der barndomsheimen hans er eit museum med minne frå livet hans.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carl Ben Eielson» frå , den 15. juni 2016.

Bakgrunnsstoff Rutekart Point Barrw - Spitsbergen https://web.archive.org/web/20150814030600/http://eielson.org/ben-eielson/National Aviation Hall of Fame Biografi ved Britannica.com Litteratur Dorothy Page: Polar Pilot. The Carl Ben Eielson Story

Kategori:USA-amerikanske flygarar Kategori:Norsk-amerikanarar Kategori:Luftfartspionerar