Sir Harold Spencer Jones()GRO Register of Births: JUN 1890 1a 1,1 KENSINGTON - Harold Spencer Jones (forenamns = Harold Spencer, surname = Jones) var ein engelsk astronom.
Jones var direktør for Greenwich-observatoriet 1933–1954 og president i International Astronomical Union frå 1944 til 1948. Det viktigaste arbeidet hans omfatta rørsle, avstand og masse for medlemmer av solsystemet, og utvikling av forbetra teknikk for studiar innafor dette feltet.
Han er òg kjend for å ha sagt «romfart er tøv» berre to veker før Sputnik vart send opp i oktober 1957.Morgan, C. and Langford D.: Facts and Fallacies, Webb & Bower, 1981
Prisar
Royal Astronomical Society sin gullmedalje (1943) Royal Medal (1943) Brucemedaljen (1949) Gullmedaljen til British Horological Institute (1946)
Oppkallingar Krateret Spencer Jones på månen Krateret Jones på Mars Asteroiden 3282 Spencer Jones
Kjelder
Kategori:Elevar ved Jesus College i Cambridge Kategori:Astronomer Royal Kategori:Engelske astronomar Kategori:Britiske astronomar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Order of the British Empire Kategori:Royal Medal Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Folk frå Kensington Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet