Alfa Arietis (α Ari, α Arietis) er den mest lyssterke stjerna nord i stjernebiletet Vêren. Ho har det tradisjonelle namnet Hamal, som kjem frå det arabiske uttrykket for «vêrhovudet», og Flamsteednemninga 13 Arietis. Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,0, er ho av dei mest lyssterke stjernene på nattehimmelen. Basert på parallaksemålingar med Hipparkos-satellitten, ligg α Arietis kring 65,8 lysår frå jorda. Ho er ei kjempestjerne som kan ha ein planet i omlaup med masse større enn Jupiter.
Eigenskapar Spekteret til stjerna har ein spektralklasse på , med lysstyrkeklasse på III som indikerer at ho er ei utvikla kjempestjerne som har brukt opp hydrogenet sitt i kjernen og no er ei raud kjempe. 'Ca-1'-delen av klassifiseringa indikerer at ho har svakare enn normale linjer frå kalsium i spekteret. Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter. Massen er estimert til kring 50 % meir enn solmassen, medan ho er 15 gonger større i diameter.
Alfa Arietis skin kring 91 gonger sterkare enn sola frå den ytre envelopen med ein effektiv temperatur på 4 480 K. Dette er kjøligare enn soloverflata, som gjev ho ein oransje farge til ei klasse K-stjerne. Ein trur at ho kan vere noko variabel, med ein amplitude på 0,06 magnitude.
I 2011 kom ein fram til at det truleg går ein planet i bane rundt stjerna. Objektet har ei omlaupstid på 381 dagar og ein eksentrisitet på 0,25. Den nedre grensa for massen til objektet er kring 1,8 gonger massen til Jupiter. Den estimerte halvaksen til planetbanen er 1,2 astronomiske einingar (AU), som gjev ein periapsisavstand på 0,9 AU og ein apoapsisavstand på 1,5 AU. Til samanlikning har stjerna ein radius på 0,07 AU.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hámal» frå , den 13. juni 2016.
Kategori:Vêren Kategori:Kjempestjerner klasse K Arietis, Alfa Arietis, 13 012929 009884 Kategori:Stjerner med eigennamn BD+22 306 Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda