|- bgcolor="#FFFAFA" | Merk (kategori: variabilitet): || H- og K-stråling varierer
Arcturus (α Boo, α Boötis, Alfa Boötis) er den mest lyssterke stjerna på den nordlege himmelhalvkula og ligg i stjernebiletet Bjørnepassaren. Med ein visuell storleikeklasse på −0.05, er han den fjerde mest lyssterke stjerna på nattehimmelen, etter Sirius, Canopus, og Alpha Centauri. Ho ligg relativt nær jorda, berre 36,7 lysår unna, og er i lag med Vega og Sirius, ei av dei mest lyssterke av dei solnære stjernene.
Arcturus er ein klasse K0 III oransje kjempe, med ein absolutt storleiksklasse på −0,30. Ho har truleg brukt opp hydrogenet sitt frå kjernen og er no i den aktive fasen der ho brenn hydrogen i det ytre skalet. Ho vil fortsette å utvide seg i tida framover.
Det samiske namnet på stjerna er Fávdna. I følgje ei gammal segn jaktar Fávdna på Sarva, himmelelgen. Våpenet til Fávdna er ein boge, Fávnnadávgi, som er stjernebildet Dávggat eller Karlsvogna.
Kjelder
Forsgren, Arne. (14. februar 2009). Fávdna. I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/F%C3%A1vdna.
Bakgrunnsstoff
SolStation.com Arcturus på Constellation Guide
Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda