Evdoxos frå Knidos (408–355 fvt.) var ein kjend gresk astronom og matematikar.

Han studerte under Platon og i Heliopolis i Egypt, og arbeidde seinare i Aten og på observatoriet sitt i Knidos. Han skreiv mellom anna ei bok om stjernebileta. Denne er gått tapt, men Aratos gav ut ein poetisk parafrase over verket hans, og her finn ein dei eldste kjende skildringane av dei 48 stjernebileta i antikken. Boka var særs populær. Hipparkhos skreiv ein kommentar til boka og Cicero omsette ho til latin.

Kjelder

Kategori:Fødde på 400-talet fvt. Kategori:Døde på 300-talet fvt. Kategori:Grekarar på 300-talet fvt. Kategori:Filosofar på 300-talet fvt. Kategori:Akademiske filosofar Kategori:Astronomar frå gresk antikk Kategori:Matematikarar frå gresk antikk Kategori:Filosofar frå gresk antikk Kategori:Fysikarar frå gresk antikk Kategori:Aristoteles