Qalhat eller Galhat er ein oldtidsby som ligg litt over 20 km nord for Sur, i Ash Sharqiyah Sør guvernement nordaust i Oman.

Det er lite att av oldtidsbyen utanom eit mausoleum for Bibi Maryam. Byen var ein viktig stoppestad for handelen i Indiahavet, og var og den andre byen i kongedømet Ormus.The Ancient City of Galhat - UNESCO World Heritage Centre Staden dekkjer meir enn 240 mål og den gamle byen var omgjeven av festningsmurar og hadde hus og butikkar. Ein har funne gjenstandar frå Persia og Kina på staden.

Verdsarv

Staden fekk status som mogeleg verdsarvstad av UNESCO i 1988.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Qalhat» frå , den 5. juni 2016. oppgav desse kjeldene: The Ancient City of Galhat - UNESCO World Heritage Centre Henta 2009-03-03.

Kategori:Busetnader i Ash Sharqiyah Sør guvernement Kategori:Omansk historie