Adies syndrom eller Adies pupill er eit nevrologisk fenomen som er kjenneteikna ved at den eine eller begge pupillane reagerer forseinka på lysendring, saman med forseinka skifte mellom nærsyn og langsyn. Syndromet påverkar pupillen og det autonome nervesystemet. Det er forårsaka av skade på nervefiber i det parasympatiske nervesystemet i auget, vanlegvis av ein bakterie- eller virusinfeksjon som skaper betenning.

For å påvisa Adies pupill bruker ein ein test kalla swinging flush der ein lysar i begge auga etter tur. Det sjuke auget vil då reagere seint på lys då dei efferente nervefibra er skada. Ein annan test for Adies syndrom er light near dissociation. Det er oftast med sfinketer pupilla som vart ramma fyrst og ein vil derfor ikkje kunne endre pupillestorleik ved swinging flush men ein vil kunne akkommodere då ciliærlekamen ennå ikkje vart skada.

Syndromet har namn etter den britiske nevrologen William John Adie, eller som Holmes-Adie syndrom også namn etter William John Adie. Begge skildra tilstanden uavhengig av kvarandre i 1931.

Kjelder

Who named it?

Kategori:Sjukdommar i nervesystemet Kategori:Syndrom