Zabid (arabisk زبيد, òg skrive Zebid) er ein by på den vestlege kystsletta i Jemen med kring 52 590 innbyggjarar.population of Zabid Byen er kalla opp etter Wadi Zabid, ein dal i sør og er ein av dei eldste byane i Jemen. Han var hovudstaden i landet frå 1200- til 1400-talet og eit senter for den arabiske og muslimske verda på grunn av det kjende Universitetet i Zabid og er eit senter for islamsk utdanning. Han var hovudstaden i Ziyadide-dynastiet frå 819–1018 og Najahide-dynastiet frå 1022–1158."Najahid Dynasty." Encyclopædia Britannica Online, 14 April 2006.

Zabid er innskriven på verdsarvlista til UNESCO. Den store moskeen er godt synleg i byen.

Trugslar til Zabid

I 2000 vart Zabid oppført på truga verdsarvstader, fordi staden var dårleg vedlikeheldt.UNESCO World Heritage Site in Danger 2000: Historic Town of Zabid Om byen ikkje utbetra bevaringa av kulturarva si, kan dei miste status som verdsarvstad.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zabid» frå , den 1. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

UNESCO Encyclopaedia Britannica, Zabid

Kategori:Busetnader i Al Hudaydah guvernement Kategori:Verdsarv i Jemen Kategori:Arabisk arkitektur Kategori:Arkeologiske stader i Jemen