Khanfar er ein landsby i dei sørlege forstadane til Jaʿār i Abyan guvernement sørvest i Jemen. Det er sagt at han er busett av Yafa-folk.
Historie Britane finansierte kunstige vatningsanlegg i landsbyen. Khanfar var kjend for keramikken sin, særleg glaserte sennepsglas.
I midten av 1980-åra, bygde sovjetarane ein ammunisjonsfabrikk i Khanfar, for å produsere lette våpen og Kalashnikov-rifler. Etter Sovetunionen fall, fortsette våpenproduksjonen. 28. mars 2011 var det ein eksplosjon på fabrikken som tok livet av 150 menneske og skadde enno fleire. Dette skjedde dagen etter kring 30 væpna al-Qaida-militante raida fabrikken og stal kassar med ammunisjon og let eksponert krut vere att. Dei militante tok over ein annan ammunisjonsfabrikk i nærleiken i Khanfar. I følgje Al Jazeera skal den opphavlege elden som utløsyte eksplosjonen ha oppstått då ein lokal innbyggjar kasta ein sigarett inne i fabrikken, medan dei leita etter våpen. Talet på døde var vanskeleg å telje sidan mange hadde brent heilt opp.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Khanfar, Abyan» frå , den 30. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Abyan guvernement