Gareth Frank Bale () er ein walisisk tidlegare fotballspelar frå Cardiff i Wales i Storbritannia. Han har spelt for den spanske klubben Real Madrid og for dei britiske klubbane Southampton og Tottenham Hotspur i England. Bale deltok i 111 landskampar for Wales og skåra 41 mål, noko som gjorde han til den mestspelande og mestskårande spelaren for Wales nokonsinne.

mini|venstre|Gareth Bale i Tottenham-drakt.

I 2018 skåra han eit mål som er omtalt som eit av dei beste i ein Champions League-finale med eit brassespark då Real Madrid vann meisterligafinalen. Han blei tildelt FIFA sin Club World Cup Golden Ball i 2018. Bale vann 15 trofé, inkludert La Liga tre gonger og fem Champions Leagues. Han blei med i MLS-klubben Los Angeles i 2022, og vann ein MLS Cup-tittel. Han la opp i 2023, etter VM i fotball 2022.

Bale blei utnemnd til Member of the Order of the British Empire (MBE) i 2022 for bidraga sine til fotball og velgjerd.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gareth Bale» frå , den 30. mai 2016.

Kategori:Folk frå Cardiff Kategori:Walisiske fotballspelarar Kategori:Tottenham-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Southampton-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2021 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2022