Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti var eit politisk parti som stilte til val i Noreg i 7 fylke ved stortingsvalet 2001. Partiet oppstod ved at Tverrpolitisk Folkevalde endra namn i 1998. Tverrpolitisk Folkevalde var plattforma som Steinar Bastesen hadde blitt valt inn på Stortinget på i 1997. Intern usemje førte til at ei gruppering endra partinamnet til Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti, medan Bastesen og hans støttespelarar i Nordland braut ut og stifta Kystpartiet.

Ved stortingsvalet 2001 fekk partiet fekk 1 052 røyster, noko som utgjorde 0,04 % av røystene på landsbasis. Størst oppslutning hadde dei i Oppland. Resultata i dei enkelte fylka var:

Oppland: 0,38 % Nord-Trøndelag: 0,13 % Østfold: 0,10 % Møre og Romsdal: 0,08 % Buskerud: 0,07 % Akershus: 0,06 % Oslo: 0,03 %

Partiet vart ikkje representert på Stortinget. Etter valet i 2001 skifta det igjen namn attende til Tverrpolitisk Folkevalde, men stilte ikkje til val igjen i 2005.

Kategori:Tidlegare norske politiske parti