Ibb (arabisk إب, Ibb) er eit guvernement i Jemen. Det ligg i innlandet sør i landet med Ta'izz guvernement i sørvest, Ad Dali' guvernement i søraust, Dhamar guvernement i nord, og korte grenser til Al Bayda' guvernement i aust og Al Hudaydah guvernement i vest. Det har eit areal på 5 344 km² og eit folketal estimert til kring 1 665 000 i 2004, som gjer det til det tettast folkesette guvernementet i Jemen utafor San'a by.
Det administrative senteret er Ibb, som i lag med Jibla er viktige historiske byar. Provinsen har mange turistmål som Yareem, Ba'dan og Al-Sabrah. Ibb ligg på sørvestsida av skrenten opp til dei jemenittiske høglanda, med bratte fjell til Ta'izz og kystsletta Tihama. Det er òg imponerande utsyn mot det 3 070 meter høge Jebel Sabir i sør. mini|venstre|360px|Landsbygda i Ibb guvernement. Området fangar den sørvestleg monsunen i dei øvre luftlaga frå april til oktober og er det våtaste området i heile Arabia. Årsmiddelnedbøren er truleg over 1 000 mm og somme estimat gjev så mykje som 1 500 mm. Det er lite regn frå november til februar, men resten av året kjem det minst 100 mm kvar månad. Temperaturane er høge, i snitt kring 30 °C om dagen, medan nettene er kjølige.
På grunn av det rike regnfallet, er Ibb kjend som «den frodige provinsen». Nesten heile området av guvernementet utafor byområda er dyrka opp, trass i det bratte terrenget, og mange av avlingane er store for eit så lite område. Khat er særleg viktig, men kveite, bygg, sesam og durra er dei viktigaste matkjeldene for folk utafor Ibb by. Sofistikerte system for å lagre og fordele vatn gjer at avlingane kan dyrkast i tørketida òg.
Det velutvikla jordbruket gjer at Ibb har ein særs tett folkesetnad på landsbygda, med så mange som opp til 500 personar per kvadratkilometer i dei våtaste områda.
Distrikt Al Dhihar-distriktet Al Makhadir-distriktet Al Mashannah-distriktet Al Qafr-distriktet Al Udayn-distriktet An Nadirah-distriktet Ar Radmah-distriktet As Sabrah-distriktet As Saddah-distriktet As Sayyani-distriktet Ash Sha'ir-distriktet Ba'dan-distriktet Dhi As Sufal-distriktet Far Al Udayn-distriktet Hazm Al Udayn-distriktet Hubaysh-distriktet Ibb-distriktet Jiblah-distriktet Mudhaykhirah-distriktet Yarim-distriktet
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ibb Governorate» frå , den 29. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:guvernement i Jemen