Turaif (arabisk طريف) er ein by i Den nordlege grenseprovinsen (òg kjend som Al-Hudud ash Shamaliyah) i Saudi-Arabia, nær grensa til Jordan. Turaif ligg i ein sving langs Hovudveg 85, der denne svingar vestover mot Jordan. Turaif er ein av byane i regionen som har oppstått på grunn av den internasjonale oljerøyrleidninga som går gjennom området.
Turaif lufthamn ligg kring 5 km frå byen og har daglege ruter til Riyadh.
Klima Turaif har eit tørt klima med heite somrar og kjølige vintrar. Det er ikkje uvanleg med frost om vinteren, og det kan falle snø. Turaif innehar kulderekorden for Saudi-Arabia (og ein av dei lågaste målingane i Midtausten), med -12 °C. Dette slår Amman sin rekord på -10 °C, og er berre tre grader bak rekorden til Teheran på -15 °C.
<div style="width:70%">
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Turaif» frå , den 26. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Den nordlege grenseprovinsen