mini|Eit kart frå 1907 som syner Bergen gamle stasjon ved Lille Lungegårdsvann og Vossabanen inn til stasjonen. Bergen gamle stasjon var endestasjonen for jarnbanen Vossabanen i Bergen og den fyrste jarnbanestasjonen i byen. Stasjonen var bygd i 1882 etter teikningar av arkitekt Balthazar Lange, og vart teke ut or bruk i 1913, då Bergen stasjon vart opna. Bygningane vart rive i samband med at galleribygningen til den tidlegare Stenersens samling vart reist på den same tomta, den noverande bygningen KODE 2 (Stenersen) til kunstmuseet KODE.

Stasjonen låg såleis på nordvestsida av Lille Lungegårdsvann, i Christies gate. Ein liten rest av den gamle stasjonen er teke vare på, og er å sjå som eit slags tilbygg til KODE 2 attmed krysset mellom Christies gate og Lars Hilles gate. Frå stasjonen gjekk Vossabanen over Florida og Solheimsviken, mellom anna gjennom ein tunnel som framleis er å sjå i Nygårdsparken, i nærleiken av Geofysisk Institutt.

Sjå òg Bergen stasjon

Bakgrunnsstoff

Bergen (gamle) i Norges Jernbaneklubbs stasjonsdatabase.

Kategori:Nedlagde jarnbanestasjonar i Vestland Kategori:Jarnbanestasjonar i Bergen