«Ball of Confusion (That's What the World Is Today)» er ein song frå 1970 av The Temptations. Han vart gjeven ut på Gordy-etiketten til Motown og er skriven av Norman Whitfield og Barrett Strong.

Songen vart same året gjeven ut på Greatest Hits II. Singelen nådde tredjeplassen på den amerikanske poplista og andreplassen på R&B-lista. Billboard rangerte singelen som den 24. beste i 1970.Billboard Year-End Hot 100 singles of 1970

Medverkande Solovokal av Dennis Edwards, Eddie Kendricks, Paul Williams og Melvin Franklin Korvokal av Dennis Edwards, Eddie Kendricks, Paul Williams, Melvin Franklin og Otis Williams Produsert av Norman Whitfield Instrument av The Funk Brothers

Tina Turner-versjonen «Ball of Confusion» spelar indirekte ei viktig rolle i karrieren til Tina Turner. Innspelinga hennar av songen kom med på albumet Music of Quality And Distinction Volume One i 1982, ei hyllest av B.E.F. (British Electric Foundation) med medlemmar frå New Romantic-bandet Heaven 17 og fleire gjestevokalistar som song hittar frå 1960- og 1970-åra, av dei Sandie Shaw, Paul Jones, Billy Mackenzie, Paula Yates og Gary Glitter.

Den synth-drivne versjonen til Turner av «Ball of Confusion» opna albumet og vart gjeven ut som singel. Singelen nådde femteplassen i NOreg, og dette førte til at Capitol Records signerte kontrakt med Turner. Dei fekk Martyn Ware og Ian Craig Marsh til å spele inn ein annan 70-tals låt med ho seint i 1983, Al Green sin «Let's Stay Together» som vart ein overraskande hit på begge sider av Atlanteren og utgangspunktet for comebacket til Turner med oppfølgjaralbumet Private Dancer i 1984.

Turner spelte inn fleire coverversjonar med Heaven 17/B.E.F., som David Bowie sin «1984» (på Private Dancer), Sam Cooke sin «A Change Is Gonna Come» (på Music of Quality And Distinction Volume Two), Cooke sin «Having A Party» og Al Green sin «Take Me to the River».

Då albumet Music of Quality And Distinction Volume One vart gjeve ut på CD tidleg i 1990-åra, inneheld det ein oppdatert miks av Turner sin «Ball of Confusion». Denne versjonen vart så gjeven ut i CD-boksen hennar The Collected Recordings - Sixties to Nineties i 1994.

Versjonar og miksar Albumversjonen/7" Mix - 3:20 7" Instrumental - 3:20 1991 B.E.F. Remix - 4:11

Lister ListePlasseringNoreg5

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ball of Confusion (That's What the World Is Today)» frå , den 17. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Singlar frå 1999 Kategori:Protestsongar Kategori:Songar skrivne av Barrett Strong Kategori:Songar skrivne av Norman Whitfield Kategori:The Temptations-songar Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Love and Rockets-songar Kategori:Gordy Records-singlar Kategori:Psykedeliske soulsongar Kategori:Songar produserte av Norman Whitfield Kategori:Virgin Records-singlar Kategori:Beggars Banquet Records-singlar