«Missing You» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren John Waite. Han vart gjeven ut i juni 1984 som den første singelen frå albumet No Brakes. Han nådde toppen av Billboard Hot 100 hausten 1984 og niandeplassen på UK Singles Chart.

John Waite spelte inn songen på ny med country- og bluesgrassartisten Alison Krauss på albumet hennar A Hundred Miles or More: A Collection i 2007. Nyinnspelinga nådde 34. plassen på Hot Country Songs-lista i USA. Den originale innspelinga vart nytta i filmane Selena (1997) og Warm Bodies (2013), videospelet Grand Theft Auto: Vice City, og TV-serien Miami Vice,John Waite Credits i tillegg til situasjonskomedien «Rules of Engagement». Han er òg nytta i filmane 22 Jump Street (2014) og i introen av The Great Outdoors med Dan Aykroyd og John Candy.

Ein av dei første MTV-personlegdomane Nina Blackwood sa i boka VJ: The Unplugged Adventures of MTV's First Wave at Waite hadde skrive songen om ho, noko som vart stadfesta av Waite.

Musikkvideoen vart regissert av Kort Falkenberg III og vart filma i Los Angeles sommaren 1984.

Versjonar og miksar Extended version – 6:59 (miksa og klippa av John Luongo)

Lister Liste (1984)PlasseringCanadian RPM Top Singles1Tyskland13Irish Singles Chart6UK Singles Chart9U.S. Billboard Hot 1001U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks7U.S. Billboard Hot Dance Club Play27U.S. Billboard Top Rock Tracks1

Tina Turner-versjonen

Songen vart òg spelt inn av Tina Turner i 1996, og gjeve ut som den tredje singelen frå albumet Wildest Dreams. Då originalversjonen til Waite nådde toppen av Billboard's Hot 100 seint i 1984, skyvde han Tina Turner sin «What's Love Got to Do with It» ned frå toppen. Turner sin versjon av «Missing You» nådde 12. plassen på den britiske singellista og 84. plassen i USA i 1996.

Singelen «Missing You» inneheld ein redigert versjon av songen, ein alternativ miks og somme format inneheldt òg songen «The Difference Between Us», som ikkje var med på det originale albumet.

Versjonar og miksar Europeisk albumversjon – 4:36 Amerikansk albumversjon – 4:40 Single edit – 4:02 Alternate mix – 4:04

Musikkvideo Musikkvideoen var regissert av Peter Lindbergh og hadde premiere i midten av 1996.

Lister Liste (1996) Plasseringscope="row" Europa (European Hot 100 Singles) 70Tyskland (GfK Entertainment) 66scope="row" scope="row" scope="row" scope="row"

E'voke-versjonen

Songen vart òg spelt inn av E'voke i 1997 etter dei gjekk frå Manifesto Records. James Rudolph rappa på singelen og det vart laga remiksar av Steinway og Nip N Tuck.

Versjonar Radio Edit 3:43 (berre på Pulse8-promo) Nip N Tuck Edit 7:37 Steinway Mix 5:34 Steinway Mix Radio Edit 3:51 Instrumental 3:42 (berre på Pulse8-promo) Extended Radio Mix 5:05 (berre på Pulse8-promo) Park & Ride Mix 6:28 (berre på Pulse8-promo) Round The Block Mix 6:47 (berre på Pulse8-promo) Metro Radio Mix 4:20 R&B Mix Edit 3:59 Christmas Edit 4:18 Echobeatz Mix 6:41 (berre 12")

Brooks & Dunn-versjonen

Songen vart òg spelt inn av den amerikanske countrygruppa Brooks & Dunn og vart gjeve ut i august 1999 som den første singelen frå albumet Tight Rope. Versjonen deira nådde sjetteplassen på countrylista i Canada, 15. plassen på countrylista i USA og 75. plassen på Hot 100-lista.

Musikkvideo Musikkvideoen vart regissert av Deaton Flanigen og hadde premiere i midten av 1999.

Lister Liste (1999)Plassering

Årslister Liste (1999)Plassering Canada Country Tracks (RPM) 63

Andre versjonar

I 1992 spelte det australske popbandet Smudge inn ein versjon for EPen «Superhero» EP med Evan Dando på korvokal. I 1994 gav David Wilcox ut ein akustisk versjon på albumet Big Horizon. I 2006 spelte Tyler Hilton inn songen, og det same gjorde Rod Stewart for albumet Still the Same... Great Rock Classics of Our Time. I 2010 spelte Orianthi inn sin versjon av songen. I 2012 gav Jimmy LaFave ut songen på Depending on the Distance.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Missing You (John Waite song)» frå , den 16. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Singlar frå 1999 Kategori:Singlar frå 2007 Kategori:John Waite-songar Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Brooks & Dunn-songar Kategori:Alison Krauss-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Musikkvideoar regisserte av Deaton-Flanigen Productions Kategori:Songar skrivne av John Waite Kategori:Songar produserte av Byron Gallimore Kategori:Songar produserte av Trevor Horn Kategori:Rockeballadar Kategori:Popballadar Kategori:Softrocksongar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Arista Nashville-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Rocky Schenck Kategori:Songar skrivne av Chas Sandford Kategori:Songar frå 1984