Wildest Dreams er det niande soloalbumet til Tina Turner, gjeve ut på Parlophone/Virgin i 1996. Det selde til dobbel platina i Storbritannia og Europa.

Oversyn Songen «GoldenEye», spelt inn og gjeve ut i 1995, var kjenningsmelodien til James Bond-filmen med same namn. Han vart skriven av Bono og The Edge frå det irske bandet U2. Songen «Confidential» vart skriven og produsert for Turner av den britiske gruppa Pet Shop Boys. Songaren og tekstforfattaren i bandet, Neil Tennant, syng korvokal på songen. Den originale Pet Shop Boys-demoen (med Tennant on vokal) finst på albumet deira Very frå 2001. «Unfinished Sympathy» er ein versjon av Massive Attack-songen. Songen «All Kinds of People» vart skriven i lag med Sheryl Crow. Tina Turner song òg ein duett med Barry White kalla «In Your Wildest Dreams» og denne nådde 32. plassen i Storbritannia. Duettversjonen vart gjeven ut på den amerikanske versjonen av albumet, som hadde ei noko anna sporliste, gjeve ut seks månader etter den første utgåva i Europa og det meste av verda. Versjonen har òg eit anna omslag. Med på albumet er òg Sting på songen «On Silent Wings» og denne nådde 13. plassen i Storbritannia. Wildest Dreams inneheld i alt seks singlar som vart gjevne ut i Europa: «GoldenEye», «Whatever You Want»-skriven i lag med Taylor Dayne, «On Silent Wings», Turner sin versjon av John Waite-songen «Missing You», «Something Beautiful Remains» og tittesporet «In Your Wildest Dreams».

I 1997 vart albumet gjeve ut som i ei avgrensa utgåve i Europa med ei bonusplate med remiksar, andre songar og konsertopptak frå ein konsert i Amsterdam.

Innhald

B-sider Tittel Singel«Do Something»«On Silent Wings»«The Difference Between Us»«Missing You»

Medverkande

Tina Turner – solovokal Sting – vokal Barry White – vokal (amerikansk utgåve) Antonio Banderas – vokal Anne Dudley – orkesterarrangement Gavin Wright – orkesterleiar C-n-A – gitar, klaverinstrument Terry Britten – gitar, bassgitar, korvokal Trevor Rabin – gitar, korvokal Tim Pierce – gitar J.J. Belle – gitar Dominic Miller – gitar David Rainger – gitar Chris «Snake» Davis – horn John Thirkell – horn Andy Hamilton – horn Steve Hamilton – horn Peter Thoms – horn Andy Bush – horn Charles Olins – piano Neil Tennant – klaverinstrument, korvokal Chris Lowe – klaverinstrument Lol Creme – klaverinstrument Toby Chapman – klaverinstrument Garry Hughes – klaverinstrument Jamie Muhoberac – klaverinstrument Richard Cottle – klaverinstrument Reggie Hamilton – bass Andy Hess – bass Keith Le Blanc – trommer Graham Broad – trommer Eric Ansten – trommer Richie Stevens – trommer Mike Higham – trommer Trevor Horn – korvokal Tessa Niles – korvokal Lisa Fischer – korvokal Miriam Stockley – korvokal Conner Reeves – korvokal The Durham Choir – kor

Produksjon

Terry Britten – plateprodusent, spor 1 og 9 Trevor Horn – produsent, spor 2 til 6, 10, 12 Bono – leiande produsent, spor 7 The Edge – leiande produsent, spor 7 Nellee Hooper – produsent, spor 7 Chris Porter – produsent, spor 8 Pet Shop Boys (Chris Lowe og Neil Tennant) – produsentar, spor 8 Garry Hughes – produsent, spor 11 Andres Levan og Camus Celli – produsentar på «The Difference Between Us» frå ein original produksjon av Trevor Horn Tim Weidner – lydteknikar Brian Tench – lydteknikar Chris Porter – lydteknikar

Lister

Vekeslister Liste (1996) PlasseringCanada (RPM)29Danmark (Hitlisten)5European Albums (Top 100)2Tyskland (Offizielle Top 100)2Italia (FIMI)2Portugal (AFP)3Spania (PROMUSICAE)15

Årslister Liste (1996) PlasseringAusterrike (Ö3 Austria)9Nederland (MegaCharts)20Frankrike (SNEP)26Tyskland (Offizielle Top 100)12Italia (Hit Parade)37Noreg - vårlista (VG-lista)17Sveits (Schweizer Hitparade)9UK Albums (OCC)27 Liste (1997) PlasseringNew Zealand (Recorded Music NZ)39

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wildest Dreams (Tina Turner album)» frå , den 16. mai 2016.

Kategori:Tina Turner-album Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:Nummer-ein-album i New Zealand Kategori:Nummer-ein-album i Sveits