Lokalisering innan språk er prosessen der ein tilpassar eit produkt som tidlegare har vorte omsett til fleire språk til eit spesifikt land eller ein region. Det er den andre fasen av ein større prosess av produktomsetjing og kulturell tilpassing (for spesifikke land, regionar eller grupper) med tanke på forskjellar i bestemte marknader. Det er også kjent som internasjonalisering og lokalisering.
Språklokalisering skil seg ut frå omsetjingsaktivitet ettersom det inneber nøye studering av mottakarkulturen for å tilpasse produktet riktig, det vil seie til dei lokale behova. Lokalisering kan refererast til som numeronymet L10N (som i: 'L' følgd av ti bokstavar til, og så 'N').
Generelt så er lokaliseringsprosessen mest knytt til den kulturelle tilpassinga og omsetjinga av programvarer, videospel og nettsider, og ikkje minst som dubbing, video eller multimediainnhald, og mindre frekvent til nokre skriftlege omsetjingar (dette kan også involvere kulturelle tilpassingsprosessar). Lokalisering kan vere utført for regionar eller land der folk snakkar andre språk eller der det same språket vert brukt: for eksempel så er forskjellige dialektar av spansk, med forskjellige fraser og uttrykk, brukt i Spania og i Latin Amerika.
Den generelle prosessen: internasjonalisering, globalisering og lokalisering Som forklart av tidlegare Localization Industry Standards Association (LISA), så er det best å tenke på globalisering som ein sirkel, i staden for som ein enkelt prosess. Å globalisere er å planlegge design og å utvikle metodar for eit produkt på forskudd, tenkt for eit multikulturelt publikum, for å unngå auka kostnadar og kvalitetsproblem, spare tid, og for å gjere lokaliseringsarbeidet enklare for kvar region eller kvart land. Lokalisering er ein fullstendig prosess underlagt den generelle prosessen kalla globalisering. høgre|mini|Globaliseringsprosessen. Syner ulike steg der fase 1 er internasjonalisering og fase 2 er lokalisering. (basert på et skjema fra LISA-nettsida.) Det eksisterer hovudsakleg to tekniske prosessar som utgjer globalisering: internasjonalisering og lokalisering.
Den første fasen, internasjonalisering, inkluderer planlegginga og førebuingsstadiet for eit produkt som er bygd ut i frå eit design som støttar den globale marknaden. Denne prosessen fjernar alle kulturelle føresetnader, og alt lands- eller språkspesifikt innhald vert lagra slik at det kan tilpassast enklast mogleg. Dersom dette innhaldet ikkje vert separert i denne fasen må det ordnast i lokaliseringsprosessen, noko som aukar tidsbruken og kostnaden av prosjektet. I ekstreme tilfelle er det slik at produkt som ikkje har vorte internasjonalisert kanskje ikkje kan bli lokaliserte.
Den andre fasen, lokalisering, viser til den reelle tilpassinga av produktet for ein spesifikk marknad. Lokaliseringsfasen involverer, i tillegg til andre ting, dei fire problema LISA beskriv som lingvistiske, fysiske, business og kulturelle, og tekniske utfordringar.
Ved avslutninga av kvar fase, vert det gjort testar (inkludert kvalitetssikring) for å sikre at produktet verkar ordentleg og at det møter klienten sine forventningar til kvalitet.
Omsetting versus lokalisering Sjølv om det nokre gongar er vanskeleg å definere grensa mellom omsetjing og lokalisering, kan ein seie at lokalisering generelt sett omhandlar signifikante, ikkje-skriftlege komponentar av produkt og tenester. I tillegg til omsetjing, og derfor grammatikk og staveproblem som varierer frå plass til plass der det same språket er brukt, kan lokaliseringsprosessen inkludere tilpassing av grafikk; ta i bruk den lokale valutaen; bruke det rette formatet for dato og tid, adresser, og telefonnummer som er brukarvennlige for plassen; fargeval; og fleire andre detaljar, inkludert å retenke den fysiske oppbygginga av eit produkt. Alle desse forandringane vert brukt med eit mål om å anerkjenne ting som er viktig lokalt, for å unngå konflikt med den lokale kulturen, tollen, vanlege vaner, og for å entre den lokale marknaden ved å kunne tilby ei løysning til dei behova og ønska som finst der. Til dømes kan lokalisering gå ut på å tilby landsspesifikke nettsider innanfor det same firmaet og forskjellege utgåver av ei bok, avhengig av kor ho er publisert.
Globalisering versus lokalisering Der lokalisering er prosessen der ein tilpassar eit produkt til ein spesifikk stad, er globaliseringsprosessen som designer produktet for å minimere mengda ekstraarbeid for kvar nye stad.
Sjå for deg at nokon arbeider for eit firma som til no har jobba eksklusivt i USA. No skal firmaet opne eit stort kontor i Kina og treng derfor ei kinesisk nettside. Firmaet tilbyr dei same produkta og tenestene i begge land med berre nokre få forskjellar og kanskje er nokre av elementa som var med i den originale nettsida som var laga med tanke på amerikanarar offensiv i Kina (bruk av flagg, fargar, nasjonalistiske bilete, songar, osv.) Derfor kan firmaet stå i fare for å miste ein potensiell marknad grunna små detaljar i presentasjonen.
Vidare kan det vere at firmaet treng å tilpasse produkta til dei nye kundane; her er videospel eit bra eksempel.
Ein kan sjå for seg at firmaet har store kontor i 12 land og treng ei spesifikt designa nettside i kvart av desse landa i staden for. Før ein avgjer korleis ein skal lokalisere nettsida og produkta tilbode i eit land, kan det vere at ein profesjonell innanfor dette fagområdet gir firmaet råd om å danne seg ein generell strategi: å globalisere måten organisasjonen gjer forhandlingar på. Firmaet vil kanskje danne ei ramme for kodifisering som støttar den globale strategien. Globaliseringsstrategien og rammeverket til globaliseringa vil kunne tilby guiding for dei tolv seperate lokaliseringsforsøka.
Globalisering er ekstra viktig for å minske ekstraarbeidet i den lange lokaliseringsprosessen. Ettersom lokalisering er ein sirkel og ikke eit eingongsprosjekt, vil det alltid vere nye tekstar, oppdateringar og prosjekt å lokalisere. For eksempel, mens den originale nettsida vert oppdatert over tid, så treng kvar nettside som allereie er lokalisert og omsett å verte oppdatert også. Arbeidet fortsetter så lenge det originale prosjektet blir utvikla eller endra. Det er derfor viktig at globaliseringsprosessar blir laga og effektiviserte for å implementere pågåande forandringar.
Språkkodar Språkkodar er tett knytte til lokaliseringsprosessen ettersom dei indikerer at dei lokale er involvert i omsetjinga og tilpassinga av produktet. Dei kan bli brukt i mange ulike situasjonar; for eksempel, så kan dei vere brukt på ein informativ måte i eit dokument publisert av den Europeiske Union (EU), eller så kan dei bli brukt i et HTML element i 'lang attribute'. Når det gjelder den Europeiske Union si 'style guide', er språk-'tags' basert på ISO 639-1 alpha-2-koden; i HTML, er språkkodane generelt definert innanfor Internet Engineering Task Force's Best Current Practice (BCP) 47. (BCP, laga av fagteamet innanfor dataprogrammering). Valet om å bruke ein type kode eller tag i staden for ein annan kjem an på kva type prosjekt det er snakk om og om det er nokre krav lokaliseringsspesialisten må følgje.
Oftast er det ein hovudkode som identifiserer språket (t.d. «en»), og ein valfri kode som spesifiserer varianten (t.d. «US» for amerikansk engelsk). Kodane er som oftast linka med hjelp av hermeteikn, men i nokre kontekstar kan det vere nødvendig å erstatte det med ein understrek.
Det finst fleire system for språkkoding. Eit eksempel er den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO), som spesifiserer både to- og tre-bokstavlege kodar for å representere språk i standardar, høvesvis ISO 639-1 and ISO 639-2. +Eksempel på to-bokstavlege ISO 639-1 kodar Språkfamilie ISO 639-1 code Språkvariant Engelsk en-GB Britisk engelsk en-US Amerikansk engelsk en-CACanadisk engelsk en-IN Indisk engelsk Spansk es-ES Castilansk (brukt i midt-nordre deler av Spania) es-MX Meksikansk spansk es-AR Argentinsk spansk es-CO Columbiansk spansk es-CL Chilensk spansk Portugisisk pt-PT Europeisk portugisisk (brukt både muntlig og skriftlig i Portugal) pt-BR Brasiliansk portugisisk Telugu te-INIndisk telugu Tamilsk ta-IN Indisk tamilsk ta-LK Sri Lankisk tamilsk Kannada kn-IN Indisk kannadaKinesisk zh-CN Fastlands-Kina, forenkla teikn zh-TW Taiwan, tradisjonelle teikn zh-HK Hong Kong, tradisjonelle teikn
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Language localization» frå , den 12. mai 2016. Kategori:Omsetjing Kategori:Globalisering