Eit distrikt (gresk επαρχία, eparkhía, tyrkisk kaza) utgjer ei administrativ inndeling av Republikken Kypros. Det er seks distrikt som igjen er delte inn i 39 kommunar og 485 lokalstyrte busetnader.
mini|400px|Kart som viser distrikta på Kypros
Levkosía Kerýnia Ammókhostos Lárnaka Lemesós Páfos
Dei to britiske militærbasane Akrotíri og Dekélia i sør og søraust er Britiske oversjøiske territorium.
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av øya vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld heile distriktet Kerýnia, det meste av distriktet Ammókhostos, ein stor del av distriktet Levkosía og ein liten del av distriktet Lárnaka, i alt ni kommunar og 135 lokalstyrte busetnader.
Mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er det ein buffersone som er kontrollert av FN, ofte kalla «den grøne linja».
Referansar
Kategori:Administrative inndelingar på Kypros
Kypros