Torkel Knutsson Lillefosse () var ein norsk botanikar frå Strandebarm i Hordaland.

Lillefosse var son til ein plassemann på Litle-Fosse og dreiv sjølv husmannsplassen som nygift i 1900. Han var elles treskjerar. Nokre år seinare busette han seg i kyrkjebygda i Strandebarm og var gartnar, kalla «Kumunegartner» i folketeljinga 1910.

I årevis dreiv han og samla inn plantar i Hordaland og Sogn og Fjordane, plantesamlingar som skal vere dei største og mest allsidige frå desse fylka. Samlingane er i dag fordelt på dei botaniske musea i Bergen og Oslo.

Frå 1921 var Lillefosse statsstipendiat og arbeidde sidan på heiltid med å granske floraen i Vest-Noreg. Han skreiv Strandebarms flora, eit arbeid om vegetasjonen i heimbygda som vart prenta i 1940.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Jens Holmboe. «Torkel Knutsen Lillefosse». Norsk biografisk leksikon. Første utgave. Bind 8. 1938

Kategori:Norske botanikarar Kategori:Folk frå Kvam