Isabell Lehn Herlovsen () er ein norsk fotballspelar som har over hundre landskampar og som er mestskårande på det norske landslaget. Ho vann EM-sølv i 2005.

Herlovsen er dotter av den norske tidlegare landslagsspelaren Kai Erik Herlovsen, og blei fødd i Mönchengladbach i Tyskland då han spelte for Borussia Mönchengladbach.

Aktiv Klubbspel Herlovsen spelte seg til fast plass i Kolbotn-angrepet allereie i 2004, 16 år gammal. Her vart ho seriemeister i 2005 og 2006, samt cupmeister i 2007. Hausten 2006 var ho med då laget tok seg til semifinalane i Meisterligaen.

Hausten 2009 fekk ho kontrakt med franske Olympique Lyon. Ho var innbytar for Lyon i Meisterliga-finalen 2010, ein kamp som enda med tap etter at mellom andre Herlovsen ikkje fekk mål i straffeskytinga som fylgde 120 minuttars spel.

Opphaldet i Frankrike var lite vellukka, og vinteren 2011 melde ho seg inn norske LSK. Med klubben, som held til på Lillestrøm, vart ho seriemeister i 2012, 2014 og 2015. Både i 2014 og 2015 vann LSK også cupfinalen. Herlovsen vart kåra til årets spelar 2014.

I februar 2017 gikk ho til kinesiske Jiangsu FC ladies og vart ifølgje Romerikes Blad den dyraste kvinnelege fotballspelaren i landet.Herlovsen til kinesisk fotball i «Framtid i Nord» den 9. februar 2017. Samtidig tok ho pause frå landslaget. Ifølgje Fredrikstad Blad vart ho matchvinnar i straffesparkkonkurransen som avgjorde cupfinalen mot Chang Chun.Stor cuphelt i Kina i Fredrikstad Blad den 21. juni 2017.

I desember 2017 kom nyhenda om at Isabell hadde signert ein treårskontrakt med Vålerenga Fotball Damer.Isabell klar for Vålerenga fra VIFs hjemmesider den 6. desember 2017. I 2018 trente ho åleine etter samarbeidsproblem, og vart lånt ut til moderklubben Kolbotn Fotball Kvinner, der ho vart toppskårar for laget i Toppserien 2019.https://www.nrk.no/sport/valerenga-laner-ut-herlovsen-_-reagerer-pa-_feilaktige-og-grove-pastander_-1.14390680https://www.nrk.no/sport/herlovsen-i-bitter-konflikt-med-vif_-_-foler-de-presser-meg-til-a-legge-opp-1.14339689 Frå 2020 var ho tilbake i Vålerenga.Isabell Herlovsen tilbake til Vålerenga: Leger alle sår i VG den 6. januar 2020.

Landslagsspel Herlovsen debuterte på landslaget som 16-åring. Ho utmerkte seg i fleire kampar då Noreg i juni 2005 spelte seg fram til finalen i EM i fotball 2005. I sjølve finalen kom ho inn som innbytar i andre omgang, få minuttar før Tyskland la på til sluttresultatet 3-1. Også under VM i fotball 2007 og Sommar-OL 2008 fekk ho godt med speletid.

I EM i fotball 2009 tapte Noreg semifinalen 1-3 mot europameister Tyskland, etter at Herlovsen gav Noreg leiinga. Ho deltok i fotball-VM 2011 og 2015, medan skade heldt henne utanfor EM i fotball 2013.

Merittar Seriemeister i Noreg: 2005 og 2006 med Kolbotn Noregsmeister: 2007 med Kolbotn Fransk seriemeister: 2010 med Olympique Lyon Seriemeister i Noreg: 2012, 2014 og 2015 med LSK Noregsmeister: 2014 og 2015 med LSK Sølvmedalje i meisterligaen: 2010 med Olympique Lyon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Isabell Herlovsen» frå , den 2. april 2016.

Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Lyon-spelarar