Herbrand Lavik () var ein norsk journalist og forfattar frå Bergen.

Etter han tok artium i 1921 studerte Lavik språk og journalistikk og var sjømann. Deretter var han redaktør for småaviser i Florø og sidan Leirvik, frå 1945 var han teaterkritikar i Bergens Tidende.

Forfattaren Lavik debuterte i 1937 med Frenzies indianere og andre fortellinger. Han einaste roman, «vestlandsromanen» Tunet i det blå, kom i 1945. Elles skreiv han i alt tre diktsamlingar, like mange novellesamlingar og ei livskildring over den franske forfattaren François Villon med gjendiktingar. Dramaet Elsk meg! vart synt på Den Nationale Scene i Bergen i 1946. I den posthume novellesamlinga Svanesjø og morild frå 1966 er eit biografisk forord over Lavik.

Johannes A. Dale i Norsk Allkunnebok meiner novellene til Lavik «har ein fantisfull og djerv stil», «gjerne med emne frå sjøen og framande land».

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Bergen