mini|Sonic You 2011

Sonic Youth var eit amerikansk rockeband danna i New York i 1981. Originalmedlemmane Kim Gordon (bass, vokal, gitar), Thurston Moore (gitar, vokal) og Lee Ranaldo (gitar, vokal) heldt saman gjennom heile historia til bandet, medan Steve Shelley (trommer) kom med i 1985 etter ei rekke kortvarige trommeslagarar og fullførte kjernebesetninga. Jim O'Rourke (bass, gitar, keyboard) var òg medlem av bandet frå 1999 til 2005, og Mark Ibold (bass, gitar) var medlem frå 2006 til 2011.

Sonic Youth voks fram frå den eksperimentelle kunst- og musikkscena no wave i New York før det utvikla seg til eit meir konvensjonelt rockeband og vart ein framståande del av den amerikanske støyrock-scena. Sonic Youth har blitt hylla for å ha «omdefinert kva rockegitar kan gjere» ved å bruke eit breitt spekter av uvanlege måtar å stemme gitarane på medan dei modifiserte gitarane med gjenstandar som trommestikker og skrujarn for å endre instrumenta sin timbre. Bandet var ein viktig påverknad på alternativrock og indierock.

Etter å ha oppnådd ein stor undergrunnsfanskare og fått ros frå kritikarar gjennom utgjevingar med SST Records på slutten av 1980-talet, opplevde bandet kommersiell suksess på 1990- og 2000-talet etter å ha signert med DGC i 1990 og vore hovudattraksjonen på Lollapalooza-festivalen i 1995. Bandet vart oppløyst i 2011 etter separasjonen og den påfølgjande skilsmissa mellom Gordon og Moore. Den siste konserten deira var i Brasil. Medlemmane har sidan fastslått at bandet er avslutta og ikkje kjem til å gjenforeinast.

Historie Grunnlegging og tidleg historie: 1977–1981 Kort tid etter at gitaristen Thurston Moore flytta til New York tidleg i 1977, danna han bandet Room Tone saman med romkameratane sine; dei endra seinare namnet til The Coachmen. Etter oppløysinga av The Coachmen byrja Moore å spele saman med Stanton Miranda. Bandet hennar, CKM, inkluderte Kim Gordon. Moore og Gordon danna eit band som opptredde under namn som Male Bonding, Red Milk og The Arcadians før dei slo seg saman som Sonic Youth i 1981. Namnet kom frå ein kombinasjon av kallenamnet til Fred «Sonic» Smith fra MC5 og reggae-artisten Big Youth. Bandet spelte på Noise Fest i juni 1981 på New York sitt White Columns-galleri, der Lee Ranaldo spelte som medlem av Glenn Branca si elektriske gitargruppe. Framføringa deira imponerte Moore, som skildra dei som «det mest hensynslause gitarbandet eg nokon gong hadde sett i mitt liv», og han inviterte Ranaldo til å bli med i Sonic Youth. Den nye trioen spelte tre songar på festivalen seinare den veka utan trommeslagar. Kvart bandmedlem tok turen til å spele trommer fram til dei møtte trommeslagar Richard Edson. Anne DeMarinis var keyboardist i Sonic Youth i ein kort periode i 1981. Ho forlet bandet før EP-en Sonic Youth vart spelt inn i desember 1981.

Tidlege utgjevingar: 1982–1985 Branca signerte Sonic Youth som den første artisten på plateselskapet sitt Neutral Records. I desember 1981 spelte bandet inn fem songar i Radio City Music Hall i New York. Materialet vart gjeve ut som EP-en Sonic Youth. Trass i lite merksemd vart plata sendt til nokre få viktige medlemmar av den amerikanske musikkpressa, som gav ho jamt over positive omtalar. Albumet hadde ein relativt konvensjonell post-punk-stil, ulikt deira seinare utgjevingar. Edson forlet deretter bandet for å starte ein skodespelarkarriere og vart erstatta av Bob Bert.

I dei tidlege dagane som ein del av musikkscena i New York danna Sonic Youth eit vennskap med eit anna støyrock-band frå New York, Swans. Banda delte eit øvingslokale, og Sonic Youth starta sin første turné i november 1982 som oppvarmingsband for Swans. Under ein andre turné med Swans månaden etter oppstod det gnisningar, og Moore kritiserte konstant trommespelet til Bert, som han meinte ikkje var «in the pocket». Bert vart sparka etter dette og erstatta av Jim Sclavunos, som spelte trommer på bandet sitt første studioalbum, Confusion Is Sex. Dette albumet hadde ein høgare og meir dissonant lyd enn debut-EP-en deira. Sonic Youth booka ein turné i Europa sommaren 1983. Sclavunos forlet bandet rundt denne tida. For å kunne spele, spurde bandet Bert om han ville bli med igjen, og han gjekk med på det med vilkår om at han ikkje ville bli sparka igjen etter turnéen. Bert spelte deretter på EP-en Kill Yr Idols seinare i 1983.

Sonic Youth vart godt motteke i Europa, men bandet og den lokale støyrock-scena fekk lite merksemd frå pressa i New York. Etter kvart som pressa byrja å leggje merke til sjangeren, vart Sonic Youth plassert i same kategori som Big Black, Butthole Surfers og Pussy Galore under «pigfucker»-merkelappen, skapt av Village Voice-redaktøren Robert Christgau. Ein annan kritikar frå The Village Voice kritiserte ein konsert i New York i september. Gordon skreiv eit spottande brev til avisa, der ho kritiserte dei for ikkje å støtte den lokale musikkscena, og Christgau svarte at avisa ikkje var forplikta til å støtte dei. Moore svarte med å endre namnet på songen «Kill Yr Idols» til «I Killed Christgau with My Big Fucking Dick».

Då dei avslutta ein andre europeisk turné seint i 1983, førte den katastrofale debuten til Sonic Youth i London (der utstyret til bandet fungerte dårleg, og Moore øydela det på scenen i frustrasjon) faktisk til strålande omtalar i Sounds og NME. Då dei kom tilbake til New York, var dei så populære at dei fekk spelejobbar regelmessig. Året etter gifta Moore og Gordon seg, og Sonic Youth spelte inn Bad Moon Rising, eit sjølvskildra «americana»-album som var ein reaksjon på tilstanden til nasjonen på den tida. Albumet, spelt inn av Martin Bisi, var bygd rundt overgangsstykke som Moore og Ranaldo hadde kome opp med for å få tida til å gå under stemmesjekkar på scenen. Som resultat er det nesten ingen pausar mellom songane på albumet. Bad Moon Rising inkluderte ei opptreden av Lydia Lunch på «Death Valley '69», inspirert av drapa til Charles Manson-gruppa.

På grunn av ein konflikt med Branca om omstridde royaltyutbetalingar frå deira Neutral-utgjevingar, signerte Sonic Youth med Homestead Records i USA og Blast First i Storbritannia (grunnleggjaren Paul Smith oppretta Blast First for å distribuere bandet sine plater i Europa). Trass i at pressa i New York ignorerte Bad Moon Rising då det vart gjeve ut i 1985, og såg på bandet som for kunstnarleg og pretensiøst, vart Sonic Youth rost av kritikarar i Storbritannia, der det vart selt eksemplar av albumet.

Bert hevda at han var lei av å spele Bad Moon Rising live i sin heilskap i over eitt år og forlet bandet. Han vart erstatta av Steve Shelley, eit tidlegare medlem av punk-bandet The Crucifucks. Sonic Youth vart så imponerte over Shelleys trommespel etter å ha sett han live at dei tilsette han utan audition. Bert og Shelley opptredde begge i musikkvideoen for «Death Valley '69», sidan Bert hadde spelt trommer på songen, medan Shelley var trommeslagar i bandet då videoen vart filma.

SST og Enigma: 1986–1989

Sonic Youth hadde lenge sett pris på SST Records; Ranaldo sa, «Det var det første plateselskapet vi var på som vi verkeleg ville ha gitt kva som helst for å vere på.» Sonic Youth signerte med selskapet tidleg i 1986 og byrja å spele inn [EVOL med Martin Bisi. Bandet fekk nasjonal merksemd då dei signerte med SST, noko som gjorde dei til det første bandet frå New York-undergrunnen som fekk slik merksemd. Den breie musikkpressa byrja deretter å leggje merke til bandet. Robert Palmer frå The New York Times erklærte at Sonic Youth skapte «den mest oppsiktsvekkjande originale gitarbaserte musikken sidan Jimi Hendrix», og sjølv People vurderte EVOL og skildra albumet som «den auditive ekvivalenten av ei fylling for farleg avfall.» Avslutningslåten på albumet, «Expressway to yr skull», vart seinare kalla «ein klassikar» av Neil Young.

Samtidig samarbeidde bandet med Mike Watt under aliaset Ciccone Youth, eit spel på namna Sonic Youth og Ciccone, etternamnet til popartisten Madonna. Sonic Youth gav ut ein singel i 1986 og eit studioalbum i 1988 under Ciccone Youth-namnet. Singelen frå 1986, «Into the Groove(y)», var ein cover av Madonnas «Into the Groove» og vart følgt av «Tuff Titty Rap». På baksida av plata var Watt sin cover av Madonna si «Burning Up». The Whitey Album inkluderte begge Sonic Youth-låtane frå singelen, pluss ein demo av «Burnin' Up». Albumet inneheldt òg ein cover av Robert Palmers «Addicted to Love», spelt inn i ein karaokeboks.

1987-albumet til Sonic Youth, Sister, var eit laust konseptalbum delvis inspirert av livet og verka til science fiction-forfattaren Philip K. Dick. «Systera» i tittelen var Dick sin tvilling, som døydde kort tid etter fødselen. Minnet om henne plaga Dick gjennom heile livet. Sister selde kopiar og fekk svært positive omtalar. Det vart det første Sonic Youth-albumet som kom på topp 20 på Village Voice sin Pazz & Jop kritikarpol.

Til trass for god mottaking frå kritikarar utvikla bandet ei misnøye med SST på grunn av bekymringar rundt betalingar og andre administrative praksisar. Sonic Youth bestemte seg for å gje ut sitt neste album på Enigma Records, som vart distribuert av Capitol Records og delvis eigd av EMI. 1988-dobbeltalbumet Daydream Nation vart ein kritisk suksess som gav Sonic Youth betydelig anerkjenning. Albumet kom på andreplass på Village Voice Pazz & Jop-pol og toppa dei årlege albumlistene til NME, CMJ og Melody Maker. I 2005 vart det eitt av 50 utvalde opptak av Library of Congress til National Recording Registry. Den første singelen på albumet, «Teen Age Riot», vart deira første låt som fekk betydeleg radiospeling på moderne rock- og college rock-stasjonar, og nådde nummer 20 på Billboard Modern Rock Tracks-lista. Ei rekke framståande musikkmagasin, inkludert Rolling Stone, hylla Daydream Nation som eit av dei beste albuma i tiåret og kalla Sonic Youth «Hot Band» i sitt «Hot»-nummer. Diverre oppstod distribusjonsproblem, og Daydream Nation var ofte vanskeleg å finne i butikkane. Moore skildra Enigma som ein «cheap-jack Mafioso outfit», og bandet byrja å leite etter ei avtale med eit større plateselskap.

Geffen: 1990–1999 mini|Moore i 1991. mini|Gordon opptrer i 1992. I 1990 gav Sonic Youth ut Goo, deira første album for Geffen. Albumet inneheldt singelen «Kool Thing», der Public Enemy sin Chuck D gjorde ei gjesteopptreden. Plata vart sett på som mykje meir tilgjengeleg enn deira tidlegare arbeid, og vart òg bandet si mest selde plate.

I 1992 gav bandet ut Dirty gjennom plateselskapet DGC. Innverknaden deira heldt fram med oppdaginga av den anerkjende skateboard-musikkvideoregissøren Spike Jonze, som dei rekrutterte til videoen for «100%». Videoen inkluderte òg skateboardaren som vart skodespelar, Jason Lee. Denne låta og «JC» omhandlar drapet på Joe Cole, ein ven som arbeidde med Black Flag som roadie. Dirty inkluderer ei gjesteopptreden av Ian MacKaye på sporet «Youth Against Fascism», og albumomslaget er eit kunstverk av kunstnaren Mike Kelley. I 1993 bidrog bandet med sporet «Burning Spear» til AIDS-innsamlingsalbumet No Alternative, produsert av Red Hot Organization.

I 1994 gav bandet ut Experimental Jet Set, Trash and No Star, den høgast rangerte utgjevinga det har fått i USA til dags dato, på nr. 34 på Billboard 200. Moore og Gordon si dotter, Coco Hayley Moore, vart fødd seinare same året, og mange av songane frå albumet vart aldri framført live fordi det aldri var tid til ein full turné for å promotere albumet grunna svangerskapet til Gordon. I 1994 gav bandet ut ein coverversjon av The Carpenters sin hit frå 1971, «Superstar», til hyllestalbumet If I Were a Carpenter. Bandet var hovudattraksjonen på Lollapalooza-festivalen i 1995 saman med Hole og Pavement. På den tida hadde alternativ rock fått betydeleg merksemd i mainstream, og festivalen vart parodiert i The Simpsons-episoden «Homerpalooza» i 1996, som inkluderte stemmeopptak frå bandet. Dei framførte òg rulletekstlåten for den episoden.