mini|Påskelam måla av Niko Pirosmani i 1905. Påskelam viser til lam ete til påske, ein skikk som er vanleg både i kristendommen og opphavet til skikken, jødedommen. I markeringa av pesah eller jødisk påske har lammet ein sentral plass i markeringa av utgangen frå Egypt. Kristen tradisjon følgjer den jødiske i og med at den siste nattverden kanskje var eit peashmåltid, men lam har også ei særskild tyding i og med at Jesus blir kalla «Guds lam». I tillegg er lam ein tradisjonell vårrett.
Ved det jødiske sedermåltidet blir det ofte lagt eit steikt lammebein på sederfatet, til minne om pesah-offeret ein utførte ved Tempelet i Jerusalem.
mini|venstre|Greske soldatar steiker lam på spyd (1958).
Ved påskemåltid i den kristne verda kan ein servera heilsteikt lam, lammesteik, lammesuppe eller andre retter, som den rumenske drob de miel, ein haggisliknande rett.; Making lamb drob; For the traditional recipe for drob de miel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Jødisk mat Kategori:Kristen mat Kategori:Pesah Kategori:Påske