Jakob Mathias Antonsson Lothe () var ein norsk skulemann, gardbrukar og politikar frå Lote i dåverande Gloppen, i dag i Eid kommune. Han var stortingsrepresentant for partiet Venstre 1925-27 og 1931-53.

Lothe vart uteksaminert frå Volda lærarskule i 1901, og var så eitt år lærar i Leikanger. Frå 1902 var han lærar rundt om i Gloppen herad, mellom anna på Gloppen folke- og framhaldsskule. I tillegg underviste han i mellomskulen på Sandane. Åra 1916-28 var han medlem av heradsstyret. I 1925 tok han over farsgarden på Lote og dreiv garden jamsides læraryrket til 1940. Han slutta formelt i skulen i 1949.

Perioden 1925-27 var Lothe vald inn på Stortinget for Venstre frå Sogn og Fjordane. Han stilte til val hausten 1927, men nådde ikkje heilt opp og vart vararepresentant. Etter representanten Per Hestetun omkom hausten 1928, møtte Lothe på Stortinget både i 1929 og 1930. Ved stortingsvalet hausten 1930 vart Lothe sikra plass for ein ny periode, ein plass han beheldt til 1953. På Stortinget var han formann i Kyrkje- og undervisningskomiteen frå 1934 til 1953. Frå 1945 til -51 var han parlamentarisk leiar i Venstre. Elles var han lagtingspresident og medlem i både Fullmaktskomiteen og Valkomiteen i alle sesjonane han var tingmann etter 2. verdskrigen.

Lothe var også aktiv i fråhaldsrørsla og i mållagsarbeid.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957 Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Lokalpolitikarar i Gloppen Kategori:Venstrepolitikarar i Sogn og Fjordane Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Gloppen Kategori:Folk frå Eid