Arnfinn Kolerud () er ein norsk barne- og ungdomsbokforfattar.
Kolerud er fødd i Isfjorden og seinare busett i Måløy i Kinn kommune.
Kolerud debuterte i 1996, og har fått ei rad prisar for bøkene sine. Dei to prisløna bøkene utmerker seg ved å vere stillferdige bøker som med konkrete sansingar frå oppvekst på 1970-talet gjev innblikk i guteliv, tidsbilete og bygdeliv. Den eine boka hans har vorte samanlikna med oppvekstskildringar av Tarjei Vesaas.
I 2018 var boka Snillionen ei av tolv utvalde bøker med filmpotensiale som vart tekne ut til programmet Books at Berlinale.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
Prisar og utmerkingar Kulturdepartementets debutantpris – 1996 Nynorsk barnelitteraturpris – 1996 Kritikerprisen – 2004 Nynorsk barnelitteraturpris – 2004 Guro Sandsdalens litteraturpris - 2005 Kulturdepartementets litteraturprishttp://barnebokinstituttet.no/aktuelt/flukt-folelser-og-humor-her-er-vinnerne/ - 2018 Referansar
Bakgrunnsstoff
Nynorsk barnelitteraturpris til Kolerud pressemelding med foto Presentasjon av Arnfinn Kolerud på nettstaden til Samlaget Om Arnfinn Kolerud Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1996 Kategori:Folk frå Rauma Kategori:Forfattarar frå Møre og Romsdal Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Nynorsk barnelitteraturpris Kategori:Forfattarar frå Vågsøy Kategori:Norske romanforfattarar