Iain Menzies Banks ()«Iain Banks dies of cancer aged 59», BBC News, 9. juni 2013. var ein skotsk forfattar som skreiv sciencefictionbøker som Iain M. Banks og anna slags skjønnlitteratur som Iain Banks. Den første skjønnlitterære romanen hans var The Wasp Factory. Som sciencefictionforfatter er han kjend for Cultureserien som han har bygge opp gjennom ei rekke bøker.
Banks studerte engelsk språk og filosofi ved universitetet i Stirling. Han gifta seg i 1992 og budde i North Queensferry, ein by på nordsida av Firth of Forth. I seinare år var Banks ein forkjempar for skotsk sjølvstende. Etter den britiske deltakinga i okkupasjonen av i Irak i 2003 støtta han også kampanjen for å stille den britiske statsministeren Tony Blair for riksrett. I protest skar han opp sitt britiske pass og postla det til Downing Street 10 (statsministerboligen).Sørgjerd, Christian: «Forfatteren Iain Banks er død», Aftenposten 9.juni 2013
3. april 2013 blei det kjent at Iain Banks hadde fått diagnosen gallekreft med spreiing.A Personal Statement from Iain Banks. 3. april 2013. Han døydde berre to måneder seinare, 9. juni 2013.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Iain M. Banks» frå , den 20. mars 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Skotske forfattarar Kategori:Science fiction-forfattarar