mini|Bestefar og barnebarn måla i 1890 av Georgios Jakobides. Bestefar er ei nemning på ein mannleg besteforelder - faren anten til nokon si mor, morfar, eller far, farfar.

Bestefedrar i kulturen I mange kulturar har det vore vanleg å kalla opp gutar etter bestefar sin. Eit barnebarn kan då få delar av eller heile namnet til bestefaren. Den amerikanske presidenten George Herbert Walker Bush er til dømes kalla opp etter morfaren sin, George Herbert Walker.

Skaparguden i den tradisjonelle religionen til det vestafrikanske sererfolket blir mellom anna kalla Kopé Tiatie Cac, 'Gud bestefar'.Ndiaye, Ousmane Sémou, "Diversité et unicité sérères : l’exemple de la région de Thiès", Éthiopiques, no. 54, vol. 7, 2e semestre 1991 ; Éthiopiques, "Issues 55-56", Fondation Léopold Sédar Senghor, (1991), p 124. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Eit av namna for den første guden i kinesisk mytologi, Jadekeisaren, er «himmelske bestefar» (天公, Tiān Gōng). I burmesisk folkereligion er Mandalay Bodaw ein av 37 offisielle nat (åndevesen) utforma av kong Anawrahta av Bagan.

I slavisk juletradisjon er Bestefar Frost og barnebarnet hans Snøjenta utbreidd som gåvegjevar.; I ukrainsk kultur er det vanleg å setja opp ein kornbunt i huset kalla didukh, 'bestefar', som symboliserer forfedrane.http://www.brama.com/art/christmas.html

Sjå òg Bestemor

Kjelder

Kategori:Slekt kategori:Ord frå lågtysk