Johnny Spillane () er ein USA-amerikansk tidlegare kombinertrennar frå Steamboat Springs i Colorado som vart verdsmeister i 2003 og tok tre sølvmedaljar under Vinter-OL 2010.

Aktiv mini|venstre|Johnny Spillane i 2004 Spillane tok steget opp i verdseliten med tre pallplassar i Trondheim i dagane 6. til 8. desember 2002; ein andreplass og to tredjeplassar. Det kom likevel overraskande at han skulle kome til å vinne gullmedalja i halvprogrammet under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme.

I byrjinga av desember 2004 tok Spillane for fjerde gong steget opp på sigerspallen, og atter ein gong i Trondheim. Deretter gjekk det tre år før han i finske Kuusamo vart nummer to då Ronny Ackermann vann eit verdscuprenn i normalprogram.

Den 3. januar 2010 vann Spillane verdscuptevlinga i Oberhof, hans einaste verdscuptriumf. Under dei olympiske vinterleikane i Vancouver vinteren 2010 imponerte Spillane i alle tre øvingane. Det tok til med at han vart nummer to i spurten på 10 km etter hopprennet i normalbakken, 0,4 sekundar bak vinnaren Jason Lamy Chappuis. Deretter gjekk han den tredje etappen på Canada sitt lag i kombinertstafetten, eit lag som tok sølvmedalja, vel fem skundar bak Austerrike. Spillane avslutta med enno eit sølv då landsmannen Bill Demong sigra i langrennet etter hopping i storbakken, fire sekundar skilde dei to US-amerkanarane.

Spillane la opp etter 2013-sesongen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Johnny Spillane» frå , den 27. februar 2016.

Kategori:Kombinertløparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2002 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1999 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2003 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013