mini|Måleri frå 1681 syner ein person som kastar opp. Kvalme eller nausea (av latin nausea, og av gresk ναυσία - nausiaναυσία, Henry George Liddell, Robert Scott,.A Greek-English Lexicon, Perseus) er ei kjensle av uro eller ubehag i den øvre delen av magesekken, med ein ufriviljug trong etter å kaste opp. Det blir somme gonger fylgt av oppkast, men ikkje av regel. Langvarig kvalme blir rekna som eit utmattande symptom.

Kvalme er eit ikkje-spesifikt symptom, som tyder at det finst fleire moglege årsaker. Vanlege årsaker er rørslesjuke, ørske, uvete, mage-tarmkatarr og matforgifting. Det er ein vanleg attåtverknad ved bruk av lækjemiddel som til dømes kjemoterapeutika (cellegift) og vomitiv. Det kan også skuldast angst, avsky og depresjon. Morgonkvalme kan oppstå i tidleg svangerskap.

Lækjemiddel som førebyggjer og mildnar kvalme blir kalla antiemetika.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nausea» frå , den 21. februar 2016.

Kategori:Symptom og teikn med tilknyting til meltingsapparatet og buken