Den julianske borg er ein låg steinlabyrint – òg kalla ei trojaborg – ved fjellet Grøthornet (1013 m) søraust for Vartdal sentrum i Ørsta kommune.
Der er to slike trojaborger i det same området, den minste som blir kalla den julianske borg, ligg ved Grøthornet og har ein diameter på om lag 6 m. Den andre, gjerne kalla Isflålabyrinten, ligg lenger nord ved fjellet Vardehornet og har ein diameter på om lag 9 m. Begge steinlabyrintane er tilnærma sirkelrunde og ligg på Daleheia, om lag 900 moh.
Slike trojaborger finst andre stader i Europa, men Vartdal er den einaste staden mellom Oslofjorden og Finnmark, der ein kjenner til slike labyrintar. Ein reknar med at labyrintane er gamle kultstader og skriv seg frå bronsealderen eller byrjinga av den eldre jarnalderen.
Kulturminnet «Den julianske borg» vart registrert av arkeolog Per Fett i 1950 og er freda etter kulturminnelova §§ 3 og 4.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Førhistoriske minne på Sunnmøre Ørsta prestegjeld v/Per fett (1950) Den julianske borg frå nettsida lommekjent.no Turar Møre og Romsdal Fylkeskommune
Kategori:Ørsta kommune Kategori:Kulturminne i Ørsta