Diamond Dogs-turneen var ein konsertturné av David Bowie i Nord-Amerika i 1974 for å marknadsføre studioalbumet Diamond Dogs (1974). Slutten vart turneen vart kalla The Soul Tour, og omfattar somme songar frå det komande albumet Young Americans (1975).

Førebuingar og detaljar

To månader med øving måtte til for å bli klar til turneen, dels på grunn av avanserte rekvisittar og sceneshow (som skal ha kosta 275 000 per sett, Opphavleg var turneen planlagt slik at dei skulle spele fem konsertar i ein by, før dei drog vidare til den neste, men det vart skrinlagt på eit tidleg planleggingsstadium. Turneen starta i juni 1974 i Montreal i Canada som «Diamond Dogs Tour» (sjølv om produsenten Tony DeFries kalla turneen «The Year of the Diamond Dogs» då han snakka med pressa). Bowie spelte inn radio- og fjernsynsreklamar for turneen, som vart spelt på førehand før turneen kom til kvar by. Turneen hadde fri i august 1974, då Bowie byrja å spele inn det neste studioalbumet sitt, Young Americans. Den 10. oktober 1974, då turneen var komen i gang att, gjekk Bowie bort frå det ekstravagante og overlessa teatralske showet og kalla turneen «The Soul Tour», som heldt fram i Nord-Amerika til desember.

I 1987 fortalte Bowie kor vanskeleg turneen var i starten, før han vart endra til Soul Tour og sa Eg var i dårleg forstand som prøvde å få til det der. Det var ganske spennande, men eg var så blokkert [ler], så rusa under heile greia at eg syns det er utruleg at eg i det heile klarte å kome meg over til andre sida av Amerika med showet før eg gav meg på det.»"David Bowie Opens Up - A Little" by Scott Isler, Musikar Magazine, August 1987, pp 60-73

Scenedesign Settet for den teatralske Diamond Dogs-turneen vart bygd for å likne ein by (kalla «Hunger City»), vog seks tonn og bestod av over 20 000 delar som måtte flyttast på, inkludert mange rekvisittar (som gatelamper, stolar og eit podium). Rekvisittane var ikkje klare før seks dagar før showet opna, som førte til mange tekniske problem under turneen. Eit flyttbart podium kollapsa ein gong under ein konsert med Bowie oppå. Settet var delvis basert på verket til den tyske kunstnaren George Grosz. I 1990, då han førebudde seg på Sound+Vision-turneen, fortalte Bowie om vanskane under konsertane og sa «det var moro og farleg, med utstyr som braut saman og bruer som falt frå kvarandre på scenen. Eg sat ofte fast over hovudet på publikum på ein hydraulisk stol etter at 'Space Oddity' var ferdig.»

Andre rekvisittar fungerte som dei skulle. På songen «Big Brother», song Bowie frå innsida av eit «asyl» med mange speglar, og kom fram under den neste songen («Time») frå ei gigantisk hand.

Konserten i Tampa i Florida vart framført utan nokre av rekvisittane fordi sjåføren som køyrte lastebilen med alt utstyret vart foreseinka då han vart stukken av ein veps.

I 1987, då han førebudde Glass Spider-turneen (som tok opp att den teatralske tråden etter Diamond Dogs-turneen), fortalte Bowie om det vanvittige utstyret han brukte under Diamond Dogs-turneen og sa «Me hadde fire skyskraparar på scenen, med bruker som gjekk bakover og framover og opp og ned. Det heile var basert på at det var ein by. Eg hadde dansarar som arbeidde med meg og det var koreografert og verkeleg ei fantastisk musikalsk hending. Eg likte særs godt å arbeide slik».

Konsertopptak

MainMan, forvaltingslaget til Bowie, planla eit kosnertalbum frå konsertane i juli 1974 i Tower Theater like utafor Philadelphia. Då bandet fekk vite om dette, kravde dei å få betalt standardbeløpet på 5000 dollar per musikar, i tillegg til den normale løna si, ellers nekta dei å spele. Dei fekk sjekkane sine timar før konserten starta, og konsertinnspelinga gjekk føre seg som planlagt.http://www.phillymag.com/ticket/2016/01/11/david-bowie-david-live-tower-theater/

Band

Juni-juli: David Bowie - vokal Earl Slick - gitar Michael Kamen-obo Mike Garson - piano, mellotron, elektrisk piano, synthesizerar David Sanborn - altsaksofon, fløyte Richard Grando - barytonsaksofon, fløyte Herbie Flowers - bass Tony Newman - trommer Pablo Rosario - perkusjon Gui Andrisano - korvokal Warren Peace - korvokal

September: David Bowie - vokal Earl Slick - gitar Carlos Alomar - rytmegitar Mike Garson - piano, mellotron David Sanborn - altsaksofon, fløyte Richard Grando - barytonsaksofon, fløyte Doug Rauch - bass Greg Errico - trommer Pablo Rosario - perkusjon Gui Andrisano - korvokal Warren Peace - korvokal Ava Cherry - korvokal Robin Clark - korvokal Anthony Hinton - korvokal Diane Sumler - korvokal Luther Vandross - korvokal

"The Soul/Philly Dogs Tour" - Oktober-desember: David Bowie - vokal Earl Slick - sologitar Carlos Alomar - rytmegitar Mike Garson - piano, mellotron David Sanborn - altsaksofon, fløyte Willie Weeks- bass Dennis Davis - trommer Pablo Rosario - perkusjon Warren Peace - korvokal Ava Cherry - korvokal Robin Clark - korvokal Anthony Hinton - korvokal Diane Sumler - korvokal Luther Vandross - korvokal

Konsertar To konsertar vart framførte den 16. juni i Toronto.

DatoByLandKonsertstadNord-Amerika (Første etappe)14. juni 1974MontrealCanadaMontreal Forum15. juni 1974OttawaOttawa Civic Centre16. juni 1974TorontoO'Keefe Centre17. juni 1974RochesterUSARochester Community War Memorial18. juni 1974ClevelandPublic Auditorium19. juni 197420. juni 1974ToledoToledo Sports Arena22. juni 1974DetroitCobo Hall23. juni 197424. juni 1974TrotwoodHara Arena26. juni 1974PittsburghSyria Mosque27. juni 197428. juni 1974CharlestonCharleston Civic Center29. juni 1974NashvilleNashville Municipal Auditorium30. juni 1974MemphisMid-South Coliseum1. juli 1974AtlantaFox Theatre2. juli 1974TampaCurtis Hixon Hall3. juli 1974CasselberrySeminole Turf Club5. juli 1974CharlotteCharlotte Coliseum6. juli 1974GreensboroGreensboro Coliseum7. juli 1974NorfolkNorfolk Scope8. juli 1974Upper DarbyTower Theater9. juli 197410. juli 197411. juli 197412. juli 197413. juli 197414. juli 1974New HavenNew Haven Coliseum16. juli 1974BostonMusic Hall19. juli 1974New York CityMadison Square Garden20. juli 1974Nord-Amerika (andre etappe)2. september 1974Los AngelesUSAUniversal Amphitheatre3. september 19744. september 19745. september 19746. september 19747. september 19748. september 197411. september 1974San DiegoSan Diego Sports Arena13. september 1974TucsonTucson Convention Center14. september 1974PhoenixArizona Veterans Memorial Coliseum15. september 1974AnaheimAnaheim Convention Center16. september 1974Nord-Amerika (3. etappe)5. oktober 1974Saint PaulUSASaint Paul Civic Center8. oktober 1974IndianapolisIndiana Convention Center11. oktober 1974MadisonDane County Coliseum13. oktober 1974MilwaukeeMECCA Arena15. oktober 1974DetroitMichigan Palace Theater16. oktober 197417. oktober 197419. oktober 197420. oktober 197422. oktober 1974ChicagoArie Crown Theater23. oktober 197428. oktober 1974New York CityRadio City Music Hall29. oktober 197430. oktober 197431. oktober 19741. november 19742. november 19743. november 19746. november 1974ClevelandPublic Auditorium8. november 1974BuffaloWar Memorial Stadium11. november 1974LandoverCapital Centre14. november 1974BostonMusic Hall15. november 197416. november 197418. november 1974PhiladelphiaThe Spectrum19. november 1974PittsburghPittsburgh Civic Arena25. november 1974PhiladelphiaThe Spectrum28. november 1974MemphisMid-South Coliseum30. november 1974NashvilleNashville Municipal Auditorium1. desember 1974AtlantaOmni Coliseum

Songar

Frå David Bowie «Space Oddity» «Memory of a Free Festival» Frå The Man Who Sold the World «The Width of a Circle» Frå Hunky Dory «Changes» Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars «Moonage Daydream» «Suffragette City» «Rock 'n' Roll Suicide» Frå Aladdin Sane «Watch That Man» «Aladdin Sane (1913-1938-197?)» «Drive-In Saturday» «Panic in Detroit» «Cracked Actor» «Time» «The Jean Genie» Frå Pin Ups «Sorrow» (opphavleg av The McCoys i 1965 og gjort kjend av The Merseys året etter, skriven av Bob Feldman, Jerry Goldstein and Richard Gottehrer)

Frå Diamond Dogs «Future Legend» «Diamond Dogs» «Sweet Thing» «Candidate» «Sweet Thing (Reprise)» «Rebel Rebel» «Rock 'n' Roll With Me» «1984» «Big Brother» «Chant of the Ever Circling Skeletal Family» Frå Young Americans «Young Americans» «Win» «Somebody Up There Likes Me» «Can You Hear Me?» Andre songar «All the Young Dudes» (frå All the Young Dudes (1972) av Mott the Hoople; skriven av Bowie) «Footstompin'» (av Andre Collins, skriven av Collins og Ande Rand) «Here Today, Gone Tomorrow» (frå Observations in Time (1969) av Ohio Players, skriven av Leroy Bonner, Joe Harris, Marshall "Rock" Jones, Ralph "Pee Wee" Middlebrooks, Dutch Robinson, Clarence "Satch" Satchell og Gary Webster) «It's Gonna Be Me» (song frå Young Americans-innspelinga som ikkje er med på albumet. Gjeven ut som bonusspor på seinare utgåver av albumet) «John, I'm Only Dancing (Again)» (singel først gjeven ut i 1972/1973) «Knock on Wood» (opphavleg frå Knock on Wood (1966) av Eddie Floyd; skriven av Floyd og Steve Cropper; gjeven ut som singel frå David Live (1974))

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Diamond Dogs Tour» frå , den 12. februar 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:David Bowie-turnear Kategori:Konsertturnear i 1974