«Un mundo más feliz» er ein singel av Maverick, gjeven ut 22. januar 2016. Songen er skriven av Juan Magán, Darlyn Cuevas og Luiggi Giussepe Olivares.
29. desember 2015 presenterte den offisielle nettstaden til Televisión Española, rtve.es, «Un mundo más feliz» som eit av bidraga i Objetivo Eurovisión, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige. Maverick López Sánchez, under namnet Maverick, fekk framføre songen, på spansk. Bidraget enda på delt femte- og sisteplass med 66 poeng; 21 frå den internasjonale juryen og studiojuryen og 24 poeng frå telefonrøystinga.
Fotnotar
Kategori:Singlar frå 2016 Kategori:Maverick-songar Kategori:Objetivo Eurovisión-songar Kategori:Spanskspråklege songar