Eurico Gaspar Dutra () var ein brasiliansk politikar knytt til partiet Partido Social Democrático.

Frå 31. januar 1946 til 31. januar 1951 var han president i Brasil. Han hadde som krigsminister tvunge forgjengaren sin, den diktatoriske presidenten Getúlio Dornelles Vargas til å trekkje seg. Dette skjedde av di ein frykta at Vargas, etter ei regjeringstid på 15 år (1930-1945), der han aldri hadde blitt vald - og berre hadde hatt legitimitet gjennom militæret, trass i lovnader om det motsette, likevel ville stille til val som president i 1945.

Motorvegen mellom São Paulo og Rio de Janeiro (BR-116/SP-60) er oppkalla etter Dutra.

Kjelder McCann; Frank D. Soldiers of the Patria: A History of the Brazilian Army, 1889–1937 Stanford University Press 2004, side 441, nest siste avsnitt Se på Google Books

Bakgrunnsstoff

Kategori:Brasilianske presidentar