Dominik Landertinger () er ein austerriksk skiskyttar frå Braunau am Inn i forbundslandet Oberösterreich. Han vart verdsmeister i fellesstart i Pyeongchang i 2009 og tok sølvmedaljen i sprinttevlinga under vinterleikane 2014 i Sotsji. Elles har han vunne to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i 4 x 7,5 km stafett med Austerrike i ulike VM og OL i tida 2009-14.

Landertinger vart nummer tre i verdscupen i skiskyting i 2013-sesongen og hadde per 12. januar 2016 vunne to renn i verdscupen, begge i fellesstart.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dominik Landertinger» frå , den 12. januar 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Austerrikske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2018