mini|Per Ratvik, truleg fotografert under eit telegrafikurs i Storbritannia i åra 1943-1944. Per Johannes Ratvik () vart fødd i Borgund kommune (i dag Ålesund). Under andre verdskrigen var han Linge-soldat, seinare redaktør og forfattar, og arbeidde med film. Før krigen hadde han vore aktiv i foreiningslivet i Ålesund, og tilsett som kasserar ved Møre mjølkesentral.
Etter at Noreg vart okkupert 9. april 1940, vart han med i kampane mot dei tyske styrkane. Deretter drog han til Skottland, så til England og byrja å jobbe i Nortraship i London. Etter kvart vart han med i Kompani Linge, og fekk der utdanning innan propaganda og informasjonsarbeid, i tillegg som telegrafist. Den siste krigsvinteren vart han utstasjonert i Sogn og Fjordane for å opprette ein aktiv kommunikasjonslinje frå fylket til England.
Etter krigen redigerte Ratvik bøkene om Kompani Linge, saman med Ragnar Ulstein og Erling Jensen. Han skreiv òg fleire filmmanus, og sto mellom anna for filmen Haakon VII – Norges konge i krig og fredBrinch Sara og Iversen, Gunnar: Virkelighetsbilder: Norsk dokumentarfilm gjennom hundre år. Universitetsforlaget, Oslo 2001, s. 161, som kom ut i samband med kong Haakon sin åttiårsdag. Ratvik skreiv dessutan dikt og novellerRatvik, Per: Oslofjorden under okkupasjonen. Larsen, Hjalmar T. (red): Oslo-fjorden. Annet bind. Halvorsen og Larsen forlag. Oslo. 1954. s 219 , i tillegg til filmmanus.
Fotnotar
Kategori:Medlemmar av Kompani Linge Kategori:Folk frå Ålesund