1019 (romartal MXIX)

Hendingar

Utlandet

Knut den mektige vart konge av både Danmark og England (eller 1018). Jaroslav I gifta seg med dottera til Olav Svenske, Ingegjerd. Anund Jakob vart Olav Svenskes medregent. Den japanske regenten Fujiwara no Michinaga trekte seg tilbake frå offentleg liv og overlet regentrolla til sonen Yorimichi. Michinaga fortsette likevel eit aktivt politisk liv bak kulissane. Toi-invasionen: Den japanske øya Kyushu vart invadert av jurchenarar. Mähren vart ein del av Böhmen. Nekorriket i Marokko vart erobra av azdajiemiren Ya'la ibn Futuh. Mahmud av Ghazni plyndra hovudstaden Kannauj i det indiske Pratiharariket. Jaroslav I vart fyrste av Kievriket, og etterfylgjer Sviatopolk I.

Noreg Noreg og Sverige slutta fred i Kungälv. Loddtrekking gav Hisingen til Noreg. Olav den heilage gifta seg med Astrid, dotter til Olav Svenske.

Fødde Hardeknut, konge av England og Danmark (eller 1018) Sima Guang, kinesisk historikar og politikar

Døde 1. desember: Thietmar av Merseburg, tysk biskop og historikar, kjend for å ha skrive om den førkristne religionen i Norden (eller 1018). Sviatopolk I, fyrste av Kievriket.