George Mackay Brown () var ein skotsk forfattar frå Orknøyane. Han blei fødd og var mesteparten av livet bufast i heimbyen Stromness, som ligg på øya Mainland, og er den nest største byen på Orknøyane etter hovudstaden Kirkwall.

Liv og virke

Mackay Brown voks opp i ein fattig familie, men utvikla tidleg ein interesse for litteratur og historie. Som ung blei han råka av tuberkulose, og var difor stadbunden på heimstaden fram til han tok til med høgare utdanning ved Newbattle College utanfor Edinburgh som trettiåring. Her kom han i kontakt med den høgvyrde forfattaren og kritikaren Edwin Muir, som fekk avgjerande tyding for den litterære utviklinga hans. På slutten av femtitalet fullførte han ein mastergrad på ei avhandling om diktaren Gerard Manley Hopkins, og i 1961 konverterte han til katolisismen.

Etter studietida var Mackay Brown for det meste bufast på Stromness, der han skreiv fleire diktsamlingar, skodespel, prosabøker og essays. Som forfattar er han kritisk til den vesterlandske moderniteten, og mykje av diktinga er historisk orientert. Han såg på den nordiske høgmellomalderen som ein gullalder, samstundes glorifiserer han ikkje fortida. Forfattarskapen skildrar ofte småbønder og fiskarar og den naturbundne livsrytmen deira. Den litterære stilen hans er gjerne enkel og stuttmælt, og minnar om den lakoniske uttrykksmåten i norrøn sogelitteratur.

Av diktsamlingar kan ein nemne Loaves and Fishes (1959), The Year of the Whale (1965) og Fishermen with Ploughs: A Poem Cycle (1971). I Orkney Tapestry (1969) blandar han i hop prosa og dikt, legender og historie. Mellom romanane hans finn ein til dømes Magnus (1973) og Beside the Ocean of Time (1994), og blant fleire novellesamllingar Winter Tales (1995).

Eit utval av George Mackay Brown sine dikt er attdikta av Jostein Sæbøe i diktsamlinga For øyane syng eg (2015) på Nordsjøforlaget.

Mackay Brown var med på å skipa St Magnus-festivalen i 1977.

Kjelder

Sæbøe, J. (2015) «Etterord. Gjennom eit orkadisk nålauge» i – Mackay Brown, G. For øyane syng eg (s. 57-60). Sunde: Nordsjøforlaget.

Kategori:Britiske forfattarar Kategori:Engelskspråkege forfattarar Kategori:Folk frå Orknøyane