mini|Område i India og Pakistan der ein talar dogri og nærskylde språk.

Dogri (devanagari: डोगरी, urdualfabetet: ڈوگرى), i Pakistan og Pakistansk Kashmir òg kalla pahari (devanagari पहाड़ी, urdualfabetet پھاڑی), er eit indoarisk språk som blir brukt i Pakistan og India, hovudsakleg i regionen Jammu i Jammu og Kashmir, men òg i det nordlege Panjab, Himachal Pradesh, andre delar av Kashmir og andre stadar. Dogri vert tala av den etniske gruppa dogra, og den dogri-talande regionen vert kalla Duggar. Det har rundt 5 millionar talarar.

Dogri vert klassifisert som ein medlem av den vestlege paharigruppe av indoariske språk. Dogri er eit tonespråk, noko som er uvanleg for indoeuropeiske språk. Dette særpreget har det til felles med andre vestlege paharispråk og med panjabi.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dogri» frå , den 1. januar 2016. Denne artikkelen bygger på «Dogri language» frå , den 22. januar 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Indoariske språk Kategori:Språk i India Kategori:Språk i Pakistan Kategori:Einskildspråk Kategori:Manglar infoboks