Elżbieta Maria Krzesińska (), fødd Elżbieta Duńska i Młociny i dagens Warszawa, var ein polsk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i lengdehopping i 1956 og tok OL-sølv i same øvinga i 1960.

Aktiv Krzesińska deltok i sommar-OL 1952 og vart nummer 12 i lengdehopp. To år seinare vann ho både lengdehopp og femkamp ved universiaden i Budapest, med ho tok bronsemedaljen i lengdehopp under EM i friidrett 1954 i Bern.

Den 20. august 1956 sette Krzesińska i Budapest verdsrekord i lengdehopp med 6,35 meter. Vel tre månader seinare vann ho i Melbourne den olympiske medaljen i øvinga med eit hopp som tangerte hennar eigen verdsrekord. I 1959 vann ho lengdetevlinga i universiaden i Torino, medan ho under sommarleikane 1960 måtte sjå seg slått av Vera Krepkina frå Sovjetunionen i kampen om gullmedaljen. Også i 1962 hadde ho einast ein sovjetisk utøvar framfor seg på resultatlista då lengdehopp vart avvikla under friidretts-EM i Beograd.

Mellom 1952 og 1963 vann Krzesińska sju nasjonale meistertitlar i lengdehopp, to i femkamp og ein på 80 meter hekk. Ho sette polske rekordar i alle desse tre øvingar, dessutan ein gong i høgdehopp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1952 i Helsinki: Nr 12 i lengdehopp EM 1954 i Bern: Bronsemedalje i lengdehopp - 5,83 m OL 1956 i Melbourne: Gullmedalje i lengdehopp - 6,35 m, framom Willye White (6,09 m) OL 1960 i Roma: Sølvmedalje i lengdehopp - 6,27, bakom Vera Krepkina (6,37 m) EM 1962 i Beograd: Sølvmedalje i lengdehopp - 6,22 m, bakom Tatjana Sjtsjelkanova (6,36 m) og framom Mary Rand (6,22 m)

Kjelder World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Elżbieta Krzesińska» frå , den 31. desember 2015.

Kategori:Polske lengdehopparar Kategori:Olympiske meistrar for Polen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Polen Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960