Muisca, òg kjend som chibcha eller mosca, er eit utdøytt chibchansk språk som vart snakka av muiscafolket i Colombia fram til slutten av 1700-talet. Karl III av Spania forbaud språket 10. mai 1770, og det vart verande forbode fram til 1990, men då var det for lengst utdøydd. Det vert i dag undervist i muisca på ein skule i kommunen Cota.

Namnevarianten chibcha har gjeve namn til den chibchanske språkfamilien.

Kjelde Denne artikkelen bygger på «Muisca (språk)» frå , den 31. desember 2015.

Bakgrunnsstoff hos Ethnologue

Kategori:Chibchanske språk Kategori:Einskildspråk