King of the Beach er det 16. studioalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 2000.
Albumet er ein slags oppfølgjar det tidlegare albumet On the Beach frå 1986 og har den same tilbakelente stemninga. Albumet vart hovudsakleg skriven under ein ferie på Turks- og Caicosøyane, og fleire av songane har bilete av strender og sommar i titlane («King of the Beach», «All Summer Long», «Sandwriting», «Sail Away») og tekstane, som opphavleg vart skrivne som dikt. Ein remiks av «All Summer Long» vart ein stor dansehit på Ibiza og andre feriestader kring Middelhavet.
Innhald
Medverkande Chris Rea - vokal, gitar, bass, klaverinstrument, hammondorgel, trommeprogrammering, produsent Max Middleton - Rhodes piano Pete Wingfield - hammondorgel Martin Ditcham - trommer, perkusjon Julie Isaac - korvokal Debbie Longworth - korvokal Neil Amor - lydteknikar Arun Chakraverty - mastering Tommy Willis - koordinering John Knowles - management Peacock - design, illustrasjonar John Miller - måleri på omslag
Lister Liste (2001)Plassering Polsk albumliste34
Kjelder Denne artikkelen bygger på «King of the Beach (album)» frå , den 29. desember 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2000 Kategori:Chris Rea-album Kategori:East West Records-album