Kerrin Lee-Gartner () er ein kanadisk tidlegare alpin skirennar frå Trail i British Columbia, som vart olympisk meister i utfor i 1992.
Under Vinter-OL 1992 i Albertville vann Lee-Gartner eit av dei tettaste utforrenna i OL-soga. Med tida 1.52,55 tok ho gullmedaljen med ein margin på seks hundredels sekund til Hilary Lindh frå USA og ni hundredelar til austerrikske Veronika Wallinger, medan dei to store førehandsfavorittane, tyske Katja Seizinger og Petra Kronberger frå Austerrike, kom berre hundredelar etter bronsevinnaren.
Lee-Gartner vann aldri eit renn i verdscupen i alpine greiner. Mellom desember 1990 og januar 1994 sikra ho seg seks pallplasseringar, fire i utfor og to i super-g. Ho la opp etter 1994-sesongen.
Kjelder
Kategori:Canadiske alpinistar Kategori:Olympiske meistrar for Canada Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994