Roswitha Steiner () er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar og politikar frå Radstadt i forbundslandet Salzburg. Ho vann FIS-pokalen som beste slalåmrennar i verdscupen i alpine greiner 1986 og 1988, samt VM-sølv i same greina i 1987. Steiner er gift med langrennaren Alois Stadlober og mor til Teresa Stadlober.
Karriere Idrett Steiner var slalåmspesialist. Ho tok sin fyrste pallplass i verdscupen i alpine greiner då ho 8. mars 1983 rann ned til siger i Waterville Valley i USA. Fram til 6. mars 1988 vann ho i alt åtte slalåmrenn i verdscupen. I 1986 triumferte ho i fire renn i verdscupen, noko som sikra henne pokalen som prova at ho var verdas beste kvinnelege slalåmrennar.
Under VM i alpine greiner 1987 i Crans-Montana vann ho sølvmedaljen i slalåm. Ho leia med over eitt sekund på sveitsiske Erika Hess etter fyrste omgangen, men måtte likevel sjå seg slått av Hess med 0,25 sekundar då andre omgangen var over. I sin siste sesong, OL-sesongen 1988, vann ho slalåmpokalen i verdscupen på ny, trass i ho at måtte vente til mars månad før ho vann si fyrste tevling for sesongen. Perioden 1983-88 stod Steiner 15 gongar på sigerspallen i verdscupen (8-5-2).
Etter at Steiner la opp som skirennar har ho delteke i mange maratonløp.
Politikk I perioden 1999-2004 var Roswitha Steiner medlem av landdagen i forbundslandet Salzburg. Ho representerte det høgreorienterte Austerrikes folkeparti (ÖVP), og var ordførar for sportssaker. Hausten 2021 vart Roswitha Stadlober vald til president i Austerrikes skiforbund.
Kjelder
Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Austerrikske politikarar Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1984 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988