Martha Frederikke Johannessen () var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho representerte Østfold på Stortinget i fire periodar frå 1958.

I ungdomen jobba Johannessen som ekspeditør. Seinare var ho husmor. Etter andre verdskrig tok ho bibliotekutdanning og arbeidde som bibliotekar fram til ho vart fast innvald på Stortinget i 1958. I perioden 1954–57 var ho vararepresentant. I sine tre første periodar var ho medlem av Odelstinget og kyrkje- og undervisingskomiteen, i den siste av Lagtinget og sosialkomiteen. Ho døydde kort tid før utløpet av siste periode.

Johannessen var medlem av Torsnes kommunestyre og kommunen sin varaordfører frå 1956 til 1963 og medlem av Borge kommunestyre frå 1964 til 1967.

Kjelder Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografier, Kunnskapsforlaget 1985.

Denne artikkelen bygger på «Martha Frederikke Johannessen» frå , den 19. desember 2015.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap