Ivar Østberg () er ein norsk politikar for KrF. Han vart innvald på Stortinget frå Troms i 1997, og møtte i to periodar. Østberg var varaordførar i Harstad 1983–1985.

Etter examen artium frå Kristelig Gymnasium var Østberg lærarvikar før han tok lærarutdanning på Oslo lærarskule frå 1968 til 1970. Deretter tok han spesialpedagogikkutdannelse på Statens spesiallærerhøgskole før han vart rektor innan barne- og ungdomspsykiatri frå 1971 til 1974. Deretter var han spesialpedagog hos PPT Sør-Troms frå 1974 til 1985 før han vart leiar av same kontor i ein tiårsperiode. Før han vart vald inn på Stortinget var han etter å ha teke audiopedagogikkutdanning fylkesaudiopedagog frå 1995 til 1997.

Stortingskomitéar 1997–2001 medlem av Kommunalkomitéen. 1997–2001 varamedlem av Valkomitéen. 2001–2005 medlem av Kommunalkomitéen. Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ivar Østberg» frå , den 18. desember 2015.

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi

Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF