Øystein Wormdal () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Orkdal, kjend for sine 14 sesongar i Rosenborg BK. Høgrebacken spelte fem landskampar for Noreg i 1974 og 1979.

Klubbspel Wormdal spelte i yngre år på Orkdal IL. Men då laget hausten 1970 rykte ned i fjerde-divisjon, melde han seg inn i Rosenborg BK i Trondheim. Frå september 1971 til august 1984 spelte han 201 seriekampar for Rosenborg, 17 av dei 2. divisjon. Han skåra eitt einaste seriemål.

Landslagsspel Wormdal spelte fem landskampar på backplass for Noreg, tre av dei i 1974 og to hausten 1979. Dei to sistnemnde kampane gjaldt kvalifisering til Sommar-OL 1980 i Moskva, og Noreg vann begge oppgjera mot Vest-Tyskland sitt amatørlandslag, 2-0 heime og 1-0 borte. Våren 1980 nekta Norges Idrettsforbund å delta i sommarleikane, grunngjeve med at arrangørlandet hadde invadert Afghanistan.

Merittar Cupfinale-tap: 1972 Sølv i seriemeisterskapen: 1973

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Folk frå Orkdal