Olav Versto () var ein småbrukar og politikar frå Rauland i Telemark, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1928 til 1961. Han var far til Aslak Versto og bestefar til journalistane Olav Versto og Astrid Versto.
Versto var fødd på ein gard i Rauland. 18 å gammal var han med og skipa Vinje arbeidarlag. Frå 1919 til -31 var han medlem av Vinje formannskap, og på ny frå 1947 til -55. Mellom 1931 og 1937 var han varaordførar. Gjennom desse åra hadde ha mange tillitsyrke, mellom anna styreformann i Skafså kraftverk.
Ved stortingsvalet hausten 1927 vart Versto vald inn på Stortinget frå Telemark. Etter å ha vorte attvald sju gongar, forlet han Stortinget i 1961. I utanriks- pg forsvarspolitiske spørsmål sokna han til venstrefløya i Arbeidarpartiet, kritiserte ofte politikken til NATO.
Kjelder Norsk Allkunnebok. X. bandet. 1966
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Vinje