Tennis er det tredje studioalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 1980.

Med Tennis byrja Rea å eksperimentere med nokre lengre songar som var meir lausare i forma enn på dei to første albuma. Med seg hadde han Raphael Ravenscroft på saksofon, som nettopp hadde spelt med Gerry Rafferty på singelen «Baker Street» og Pete Wingfield på klaverinstrument. Chris Rea sjølv sette sitt personlege preg på albumet med å skrive alle songane, synge, spele gitar og klaverinstrument, i tillegg til at han produserte albumet sjølv. Dermed var Elton John-kjensla som den tidlegare produsenten Gus Dudgeon hadde skapt på dei to førre albuma borte.

Albumet selde ikkje spesielt godt og nådde 60. plassen på den britiske albumlista.

Innhald

Medverkande Chris Rea - vokal, gitar, klaverinstrument, piano, synthesizer, slidegitar, produsent Robert Ahwai - gitar Dave Burton - gitar Mick Hutchinson - gitar, bass Bruce Lynch - bass Eoghan O'Neill - bass Kevin Leach - klaverinstrument Max Middleton - klaverinstrument Graham Watson - klaverinstrument, synthesizer, trekkspel Pete Wingfield - klaverinstrument, korvokal Geoff Driscoll - saksofon Raphael Ravenscroft - saksofon Raoul Gonzales - trombone Lee Thornburg - trompet Dave Mattacks - trommer Norman Nosebait - trommer Adrian Rea - trommer Martin Ditcham - perkusjon Mark Rea - perkusjon Jimmy Chambers - korvokal George Chandler - korvokal Stuart Epps - korvokal Watsoni - korvokal

Singlar «Tennis» med «If You Really Love Me» «Dancing Girls» med «Friends Across the Water»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tennis (album)» frå , den 13. november 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Chris Rea-album Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Magnet Records-album